Falske positive på sjukeheimen – avdeling blir opna

Dei to positive hurtigtestane på buavdelinga  på Hareid sjukeheim viste seg å vere sokalla falske positive. Begge laboratorietestane (PCR) var negative.

 

Det betyr at avdelinga blir opna og bebuarane som fyrst testa positivt er ute av isolasjon.

Sokalla «falske positive» er ein av svakheitene med hurtigtestar. Derfor må alle positive testar stadfestast med laboratorietest (PCR). 

Trass diverse svakheiter blir hurtigtestar nytta i stor skala då desse er raskare og ikkje krev helsepersonell for å gjennomførast. Det er ein fordel som er så stor at det veger opp for ulempene/svakheitene som hurtigtestane har.

Vi oppmodar alle som har symptom på luftvegsinfeksjon om å teste seg (i tillegg til å halde seg heime). Nærkontaktar kan også nytte hurtigtestar for å teste seg ut av karantene.

Får du positiv hurtigtest bestiller du laboratorietest hos Hareid legesenter på 70 30 70 70.