Fått Astrazeneca? No får du påfyll med Pfizer sin vaksine

Regjeringa har bestemt at alle som har fått fyrste dose med Astrazeneca-vaksinen skal få tilbod om å ta andre dosen med sokalla mRNA-vaksine. For deg som høyrer til Hareid kommune, betyr det Pfizer (Cormintay-vaksinen).

Klikk for stort bilete 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Til saman 130 helsepersonell i Hareid kommune har fått éin dose med Astrazeneca. På grunn av alvorlege biverknadar har Folkehelseinstituttet råda regjeringa til å skrote Astrazeneca-vaksinen. Sjølv om biverknadane er svært sjeldne, har dei ramma friske, unge menneske. Når vi i tillegg har kome dit at dei fleste i risikogruppene for alvorleg sjukdom/død av covid-19, er konklusjonen at det vil vere større risiko for å bli alvorleg sjuk av vaksinen enn av covid-19.

Les meir i dette brevet frå FHI.

Tidlegare har FHI uttalt at dei ikkje rådar til å kombinere forskjellige vaksinetypar. På grunn av den spesielle situasjonen, ser dei at komboen med Pfizer-vaksinen vil vere den beste løysinga. Erfaring frå vaksinering av andre sjukdommar, har vist at det går fint å kombinere ulike vaksinetypar.

Dei som har fått Astrazeneca i regi av Hareid kommune, vil få pfizer-dosen i veke 21.

Spørsmål om koronavaksineringa? Sjå her!