Feil ved fakturering av kommunale avgifter

Klikk for stort bilete Eugene Chystiakov from Pexels Det skjedde dessverre ein feil ved fakturering av kommunale avgifter i juli. Dei som har avtalegiro eller avtalegiro i kombinasjon med eFaktura har dessverre ikkje vorte belasta i nettbanken slik dei vanlegvis vert.

For å rette feilen er det no lagt inn nytt trekk i avtalegiro med forfall 27.07.2020. Nokon av dei som har kombinasjon av avtalegiro og eFaktura har også fått ny faktura med forfall 27.7.2020 i nettbanken, andre har fått den på papir i posten. Kvifor dette ikkje er likt for alle har vi per dags dato ikkje svar på, men jobbar med å få det avklara.

Vi ber om at dei som har fått faktura i posten sjekkar nettbanken sin, har de ikkje fått nytt trekk betal papirfakturaen.
Forfall skal også der vere 27.07.2020.

Om nokre kundar likevel vert belasta dobbelt vil kommunen betale dette tilbake så snart vi kan i løpet av neste veke.

Vi beklagar dette.