Feiltolking om storleiken på disposisjonsfondet

Vikebladet har feiltolka rådmannen når dei skriv at ny økonomileiar oppdaga at vi hadde mindre pengar enn vi trudde.

Klikk for stort bilete  

Den nye økonomileiaren vart presentert i siste formannskapsmøte. Eg nytta høvet til også å få fram hans breie kompetanse og uttrykte glede over å ha fått på plass ein så erfaren person.

Eg korrigerte også ei saksopplysning om storleiken på disposisjonsfondet. Vikebladet Vestposten laga ei saksframstilling som kunne gi inntrykk av at vi ikkje har kontroll på økonomien i Hareid. Dette har eg tatt opp med redaktøren i dag som då fjerna saka, men oppmoda meg om å kome med ei nyansering av saka. 

Det er ikkje slik at vi ikkje har kontroll på økonomien i Hareid og kor mykje vi har på bok. Vi har rutine på gjennomgang og rapportering av forbruk med jamne mellomrom. I juni slutta vår førre økonomileiar og 1. oktober fekk vi på plass ny.

I sommar blei eg spurt av ein politikar om kor mykje pengar som stod igjen på disposisjonsfondet. Eg visste at summen var om lag 2,5 millionar kronar, men ville dobbelsjekke slik at eg fekk desimalane rett. På det tidspunktet stod vi utan økonomileiar, og eg kontakta rekneskapsavdelinga for å dobbelsjekke talet. Der blei eg fortalt at fondet var på 5,7 millionar kronar. Eg fekk det ikkje til å stemme med det eg visste frå før, men fakta var at det stod dette beløpet på konto. Eg informerte derfor vedkomande politikar, med kopi til formannskapet om dette.

Eg slo meg ikkje til ro med talet, og det fyrste eg bad økonomileiaren om å gjere då han starta i jobben, var å sjekke storleiken på disposisjonsfondet. Saman med rekneskapsavdelinga fann han då ut at det var ein sum som var vedteke i budsjettrevisjonen som ikkje var ført frå fondet til drifta.  Ny økonomileiar starta i jobben 1. oktober, og det fyrste naturlege staden å rette opp feilinformasjonen eg hadde gitt til formannskapet, blei då i formannskapsmøtet 7. oktober. 

Ragnhild Velsvik Berge

Rådmann