Ferievikar med bonus?

Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg? 

Kveldsbilete frå Overåsanden. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi ser etter deg som vil vere ferievikar i perioden 17. juni – 18. august. 

Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, miljøterapeut, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Då er du velkomen som søkar! 

Vi ønsker god kontinuitet både for pasientar og tilsette i ferieavviklinga, og håpar derfor at du kan arbeide store delar av perioden. Dersom du jobbar meir enn fire veker i ferieperioden, vil du få bonus per ekstra veke.

Les meir og søk her.