Fire personar er i ventekarantene på Hareid

Ein person med bustadadresse på Hareid har fått påvist covid-19. Vedkomande oppheld seg ikkje i Hareid kommune no, og sit i isolasjon anna stad i landet.

Klikk for stort bilete 


Vedkomande har hatt kontakt med fire innbyggarar i Hareid den siste tida. Desse er ikkje definert som nærkontaktar då det var meir enn to døgn sidan siste kontakt og symptoma til den smitta oppstod.

Desse fire er likevel bede om å gå i ventekarantene. Dette er ei frivillig ordning som blir brukt som ekstra sikkerheit. Dei som er i ventekarantene testar seg og kan gå ut av karantenen når dei får negativt svar på denne testen.

Til forskjell må dei som er i nærkontaktkarantene/smittekarantene vere i karantene til dei får negativt svar på andre test etter åtte dagar.

Les meir om karantene, ventekarantene og isolasjon her.