Flott flytting av flytebrygga

Takka vere ei handsrekning frå Frøy Vest Rederi og Mowi, er flytebrygga på Overåsanden no trygt fortøyd på Hareid hamn.

Klikk for stort bileteHer er flytebrygga på veg frå Overåsanden til Hareid hamn.

Flyttebrygga på Overåsanden har fått hard medfart i løpet av desember. Den 20 tonn tunge konstruksjonen sleit seg delvis under førre uver.

For ikkje lenge sidan fekk Hareid kommune et hyggeleg tilbod frå Frøy Vest Rederi og Mowi (tidlegare Marine Harvest). Dei kunne kostnadsfritt frakte flytebrygga til ein sikrare stad.

Tidlegare i veka stilte dei opp med båt og slepte brygga innanfor moloen på Hareid hamn. Der skal den ligge fram til sommaren.

Teknisk etat skal no sjå på korleis ein skal vinterlagre flytebrygga i framtida.