Flotte julegåver til sals på Hareid folkebibliotek!

Hareid kommune ryddar på lageret og vil gjerne tilby deg flotte bøker til sterkt redusert pris, kr. 50,- pr bok.
Bøkene har vore lagra i kasser sidan lansering og er heilt ubrukte.

Bilete av bøker på eit bord. - Klikk for stort bilete Ann Kristin Sørensen

Bøkene ligg til sals på Hareid folkebibliotek frå og med laurdag 3. desember.

Vi tilbyr følgande bøker:

  • Hareid frå 1917 til 2017, 100 år som eigen kommune. Utgjevar: Hareid Historielag. Forfattar: Asle Geir Widnes Johansen.
  • Som ringar i vatnet, Hareid Sanitetslag 1912-2012. Forfattar: Inga Ishild Hareide.
  • Frå fangst til fabrikk – Industrisoge frå Hareid kommune. Forfattar: Marit Kvammen.
  • Augneblinkar - frå Hareid på 60-talet. Forfattar: Arne Ola Grimstad.
  • Båtar i Hareid 1877-2009. Forfattar: Johan Ottesen.
  • Bygdebok for Hareid og Ulstein. Bind 1 - Eldre tider.
  • Bygdebok for Hareid og Ulstein. Bind 2 - Frå om lag 1800 -1900.
  • Bygdebok for Hareid og Ulstein. Bind 5 - Gardar og folk, Gnr. 40 Brandal - gnr. 51 Røyset.

Kr. 50,- pr. bok. Du betaler med Vipps.

Opningstider på biblioteket i desember er:
Måndag, onsdag og fredag: kl. 10.00 - 15.00
Tysdag og torsdag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 -15.00

Biblioteket er stengt 23.12 til 26.12.