Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet. Vi arbeider også med løysing for utsett betaling av kommunale avgifter.

Klikk for stort bilete 

For deg som er foreldre til barn i barnehage eller SFO i Hareid kommune, vil det seie at de ikkje skal betale for tidsrommet barnehagane og SFO er stengd.

Vi ber dykk likevel betale dei utsendte fakturaar. Betalingsfritaket vil bli trekt frå på neste faktura.

Regjeringen har lova å kompensere for tapet det vil påføre barnehageeigarane.

Vi veit at det er fleire som har fått eit kraftig kutt i inntektene på grunn av korona-krisa. Hareid kommune arbeider derfor med å finne ei løysing for mogleg utsetting av dei kommunale avgiftene/eigedomsskatten.