Forlenga frist til 26.09. for å nominere til Hareidsprisen og Ungdommens kulturpris i 2022

Sparebanken Møre og Hareid kommune v/ Levekårsutvalet skal også i 2022 dele ut to Kulturprisar –  Hareidsprisen og ungdommens kulturpris.
Bilete av spotlights - Klikk for stort bilete pexels      

Oppdatering: Fristen for å nominere kandidater er forlenga til måndag 26. september
 

Hareidsprisen 2022

Kulturpris for Hareid
Kulturprisen er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Det er Levekårsutvalet i Hareid som årleg deler ut kulturprisen. Prisen vert gjeve til einskildpersonar, grupper, lag eller organisasjonar frå Hareid som i løpet av året eller gjennom ei årrrekkje har gjort særleg stor og verdfull innsats for det utvida kulturomgrepet.

Statuttar for Hareidsprisen finn du her

Ungdommens kulturpris 2022

Kulturprisen til ungdom er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Prisen vert delt ut til ungdom mellom 15-25 år, einskildpersonar, grupper, lag eller foreningar frå Hareid, som i løpet av året eller gjennom fleire år, har gjort ein ekstra innsats innanfor det utvida kulturomgrepet i Hareid kommune.

Vedtekter for Ungdommens kulturpris finn du her

Om du kjenner eller veit om ein som fortener ein av desse prisane, kan du fremje vedkomande som kandidat. Framlegget skal vere skriftleg og det skal grunngjevast.

Her finn du skjema for nominering 

Her må du og krysse av for kva pris du nominerer til. Du kan sende inn til postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til:

Hareid kommune
v/ Sektor for Samfunnsutvikling
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Har du spørsmål, klikk på lenkjene under. Her kan du også sjå liste over dei tidlegare vinnarane.