Formannskapsmøte 11. juni

Botnfrådrag på eigedomsskatten, innbyggarforslag mot vindkraft, resultata frå innbyggarundersøkinga og budsjettrevisjon er blant sakene som står på agendaen.

Klikk for stort bilete

Møtet på tysdag vil vere eit heildagsmøte og vere på Hadartun (møterom 3. etg kl 0830-16). Det er mange saker som skal opp. I tillegg er det satt opp ei drøftingssak som det er planlagt å bruke ein del tid på.

Her kan du lese heile innkallinga med alle saksframlegg.

 

Budsjettrevisjon

Det er fleire saker knytt til kommunen si økonomi. Ein av dei er revisjon av budsjettet.

Første tertialrapport syner eit vurdert avvik ved årsslutt på 10,2 million kroner. Avviket er størst på sektor for velferd, der vurdert avvik er 9,5 million kroner. Av dette er det barnevern som utgjer den største enkeltposten. Syner elles til tertialrapporten for meir informasjon. Sektorene har jobba med å finne tiltak for å redusere meirforbruket. I vurdering og konklusjon kjem det ein gjennomgang av tiltaka.

Behov og endringar i drift og investeringar gjer at det er naudsynt å gjere budsjettkorrigeringar. Det idielle er å ha postar for uforutsette utgifter. Alternativt er det eit fond skal ta naturlege svingingar i drifta. Kommunen har lite reservar i driftsbudsjettet, så inndekninga må takast frå fond eller kutt. Hareid kommune er i ein prosess der målet er å bygge opp reservar, eit fond og omprioritere midlar frå drift til investering. Dette skal ein gjere samstundes som ein er ein god arbeidsgivar og utviklar gode tenester for innbyggarane. På vegen til målet må vi bruke av fondet for få etablert tiltak som verkar og få effekt av desse.

Her er nye behov både på teneste og investeringssida. For å dekke opp desse har vi stramma inn på andre område. Når nye tiltak skal inn må tiltak som er vedtekne utsettast.

Botnfrådrag eigedomsskatt

I denne sake skal politikarane vurdere om dei vil innføre botnfrådrag på eigedomsskatten i 2020 og kor stort dette eventuelt skal vere.

Eit botnfrådrag er eit fast kronebeløp som trekkast frå skattetakstgrunnlaget før den endelege eigedomsskatten vert utrekna. Resultatet vert at dess lågare verdi på bustaden, dess større prosentvis reduksjon vil skattytaren få. På denne måten vil ein klare å skape eit noko meir fleksibelt og rettferdig system.

I saksframlegget gjer rådmannen merksam på at det ikkje er berekraftig økonomisk sett å redusere eigedomsskatten. Ei eventuell innføring av botnfrådrag må berre nyttast i kombinasjon med ei auke i promillesatsa som samla sett gir ei auke i den totale skatten. Kommunen er allereie så pressa økonomisk at ei reduksjon i skatten vil føre til at kommunen kan komme i ein situasjon der den ikkje er i stand til å utføre lovpålagde tenester.

Tilrådinga frå rådmannen har derfor to alternativer:

  • Kommunestyret vidarefører ordning med eigedomsskatt utan botnfrådrag
  • Kommunestyret vedtek eit botnfrådrag med kr 250 000, og ei auke i promille på 0,5 opp til 3pp i sak om eigedomsskatt som vert behandla politisk hausten 2019.

Vindkraft: Høyringssvar og innbyggarforslag

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har på oppdrag frå departementet utarbeida eit forslag med område i Norge som kan vere eigna for utbygging av vindkraft, og lagt dette ut på høyring. Sjølv om eit område er eigna, så er gir dette ingen rett til utbygging og det skal søkjast konsesjon for utbygging. Deler av Hareid kommune ligg inn i eit av områda som NVE syner til som eigna for vindraft og kommunen må ta stilling til om vi skal gje høyringssvar.

Hareid kommune mottok 3. juni eit innbyggarforslag der kommunestyret blir oppmoda om å «seie eit prinsipielt nei til vindkraftverk i kommunen».

NVE sitt grunnlag er ikkje ei regulering for utbygging av vindkraft, men ein oversikt over område som kan vere aktuell for utbygging. Hareid kommune kan be NVE ta omsyn til turismen og naturmiljø, for å understreke det som Ålesund- Sunnmøre Turistforening og fylkeskommunen har gjeve som innspel i 2018.

Samstundes har innbyggarforslaget vist fram at det er eit stort engasjement mot vindmøller i kommunen. Denne høyringa er i utgangspunktet meint å hente innspel til den nasjonale ramma for utbygging av vindkraft. Det er likevel ingenting i vegen for at kommunestyret òg kan seie eit prinsipielt nei til vindkraft.

Rådmannen vil derfor legge fram ei tilråding til høyringssvar med to alternativ: Eit alternativ som ber NVE om å ta omsyn til miljø og innbyggarar og eit alternativ som tar opp i seg essensen i innbyggarforslaget som er fremja.

eid kommune syner til forslag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og kommunen vil gje følgjande høyringssvar:

  1. «Hareid kommune ber om at NVE tek omsyn til naturmiljø, landskap, friluftsliv, reiseliv og naboverknader når de skal ta stilling til ekskludering av utbyggingsområde i kommunen.»

eller

  1. «Hareid kommunestyre er prinsipelt mot mot vindkraft i Hareid kommune. Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Nærleik til slike industriområde vil påverke folkehelsa, fugle- og dyreliv og øydelegge natur og bulyst. Vindmøller vil også vere øydeleggande for reiselivet i kommunen og regionen

Drøftingssak

Det er behov for faste møtepunkt mellom politikk og administrasjon for å få felles forståing og eigarskap til plan- og styringsverktøy i kommunen. Denne saka er ei drøftingssak som bidreg til ei slik samskaping.

Vi veit at  kommunen treng å frigjere driftsmidlar for å skape ein buffer for uforutsette utgifter, vi treng å gjere det same for å frigjere midlar frå drift til investering. Årsmelding, tertialrapport, budsjettrevisjonen og kommunerekneskapen dannar alle eit faktagrunnlag for den ståstaden vi har å jobbe ut frå. Rådmannen vil halde eit innlegg som vil leie fram til nokre spørsmål til diskusjon om strategi og samhandling om vidare retning for Hareid kommune.

Rådmannen har lagt fram nokre spørsmål som skal brukast i drøftinga:

  • Korleis få godt samarbeid mellom politikk og administrasjon ?
  • Kva retning/tiltak ynskjer politikarane å greie ut ?
  • Kva kan vi gjere for å få forutsigbarheit og kvalitet i budsjettarbeidet, og budsjettvedtaket ?

TV-aksjonen 2019

TV-aksjonen NRK 2019 går til Care sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verda sine mest sårbare områder. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 20. oktober.

Rådmannen tilrår formannskapet om å delta i innsamlingsaksjonen og at medlemmane i formannskapet blir oppnemnd som kommunekomite. Vidare tilrår rådmannen at formannskapet løyver 15.000 kroner til TV-aksjonen 2019.

Digitale læremidlar på nynorsk

Skulen i Hareid kommune har dei 3 siste åra gjennomført kjøp av, og opplæring i digitale læringsverktøy. I opplæringa nyttar ein både læringsprogram og app’ar. Svært mange av desse har hjelpetekst og overskrift/ knappeval på bokmål eller engelsk. Utvalet av app’ar på nynorsk er svært avgrensa, og eit val om berre nytte app’ar på eige målføre vil gjere det digitale læringsarbeidet vanskeleg.  

Rådmannen tilrår at formannskapet vedek at «Skulen i Hareid skal velje nynorske program, og app’ar, der det ligg føre slikt på begge målføre. Samt arbeide for at tilbodet av digitale verktøy blir utvikla på begge målføre.

Mindre reguleringsendring bedehustomta

Hareid sokn har fått tilbod om å ta over Hareid bedehus for bruk som kyrkjelydshus. For at soknet skal kunne utviklet bedehuset på ein føremålstenleg måte var det behov for ei mindre reguleringsendring. Hareid kommune har på vegne av soknet hyra inn planfagleg kompetanse til å utarbeide reguleringsendringa. Arbeidet med den mindre reguleringsendringa er no avslutta frå administrasjonen si side, og den er klar for godkjenning.         

Barnevernvaktsamarbeid

Det kommunale barnevernet har ansvar for at barn som oppheld seg i Norge får nødvendig hjelp og beskyttelse. Det er eit krav at alle kommunar skal ha tilstrekkeleg og riktig barnevernsfagleg kompetanse tilgjengeleg også utanom kontortid, som kan utøve mynde etter lov om barnevernstenester. Pr. i dag har kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda  og Ørsta ikkje ei ordning som stettar krava i lova utanom kontortid. Lov om barnevernstenester § 1-4 seier at tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege.

Barnevernsvakt må derfor etablerast for kommunane, anten i eigen regi eller som del av den interkommunale barnevernsvakta som Ålesund kommune byggjer opp.

Rådmannen tilrår at «Hareid kommune takkar ja til tilbod om å ta del i interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre med Ålesund som vertskommune.

Kostnadane for inneverande år vert dekt av prosjektmidlar som skissert i saksutgreiinga.

Dei vidare kostnadane vert å innarbeide i budsjett- og økonomiplanen.»

Levekårsutvalet gjorde same vedtak men rådmannen la inn eit tilleggsforslag at Komunestyret ber rådmannen gå i forhandlingar med Ålesund kommune om fordelingsnøkkel for interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre.

Innbyggarundersøkinga

Resultatet frå innbyggarundersøkinga kan du lese her.