Forseinka opning av det nye biblioteket

Det har vore førespegla opning av det nye biblioteket i Helsehuset denne veka, men vi må nok vente litt lengre på opningsdag, dessverre.

Biblioteksjef Anne Vasstrand og Ann Kristin Sørensen inspiserer det lokala til det nye biblioteket. Her står dei på scena som det forhåpentlegvis vil vere plattformen for ein haug med arrangement. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Alt byggearbeid er no avslutta, med masse flotte detaljar og bokhyller på plass. I det siste har reinhaldarar jobba på spreng for at lokalet skal verte klart til å ta imot møblar og for at alle bøker skal kunne setjast opp i skinande hyller. I desse dagar vert møblar levert og montert og vi forventar levering av anna utstyr i løpet av dei næraste vekene. Dørene vert opna så snart alt naudsynt utstyr er installert.

Biblioteket skal ha inngang både frå Strandgata og Kjøpmannsgata, men fyrste tida må hovudinngang frå Kjøpmannsgata nyttast, då inngangen frå Strandgata skal nyttast av Sektor for velferd i samband med koronatesting.  På grunn av dette, samt av omsyn til smittevern, vil ikkje studierom vere tilgjengeleg eller løysinga med meirope bibliotek (tilgang til biblioteket utan tilsette tilstade) kunne setjast i gong med det fyrste.

Det vert lagt opp til gode opningstider med bemanna bibliotek dei fyrste vekene og ei ordning med frivillige vakter og utvida opningstider er planlagt å få på plass så snart det let seg gjere.

Vi kjem med nærare opplysningar kring opningsdag så snart den er fastsett og vil minne besøkjande om alltid å fylgje gjeldande reglar for smittevern.

Har du no bøker heime til levering, så kan du framleis levere dei i innleveringskassa utanfor «gamlebiblioteket».

Følg biblioteket på Facebook og Instagram.