Pengane er det Forskningsrådet som har løyva gjennom eit av dei største innovasjonsprosjektet i offentleg sektor, skriv Vestlandsnytt.
Prosjektet handlar om «presis kystsoneplanlegging med fokus på havbruk». Prosjektet har fått det forkorta namnet KystBruk. Herøy kommune står som prosjektansvarleg på det som er eit samarbeid mellom Sande, Ulstein, Hareid, Vanylven, Runde Miljøsenter og NTNU.
Gjennom andre og tidlegare prosjekt sit ein med store mengder informasjon og data om kystområdet på Ytre Søre, mellom anne marine grunnkart med høg oppløysing.
– No vil vi ta data som dette saman med botnprøver og straummålingar og framstille algoritmar som kan fungere som eit verktøy som kan hjelpe arealplanleggarar å forvalte kystsonene på ein best mogleg måte, forklarar prosjektleiar Mona Gilstad til Vestlandsnytt.
Eit resultat av prosjektet kan vere eit kart som viser kvar det er gunstig å ha havbruk og kva type havbruk som egnar seg på eit gitt område.
Dei marine grunnkarta kan du allereie no ta ein titt på her.