Framleis nedgang i talet på smitta

Totalt registrerte vi 92 positive covid-testar i førre veke.

 

Det er ein stor nedgang frå veka før der vi registrerte 149.

Det er vanskeleg å samanlikne alle tal bakover i tid på grunn av endringar i testråd og reglar, men ser vi vekk frå dette, må vi to månadar tilbake for å finne like låge tal.

Sjølv om vi er over smittetoppen, oppmodar vi alle som får positive hurtigtestar om å registrere seg. På den måten kan vi halde oversikta over utviklinga, og eventuelt oppdage om talet går opp.

Personar som ikkje har fått boosterdose eller er under 16 år, kan dersom dei ønsker det få stadfesta hurtigtesten ved ein laboratorietest (PCR). Dette kan vere ønskeleg for å få grønt koronapass. PCR-test bestiller de frå legekontoret på telefon 70 30 70 70.