Fylkeskulturkonferanse med utdeling av fylket sin Frivilligpris 2022. Nominer ein kandidat frå Hareid innan 27. oktober!

Vi ønskjer innspel til kandidatar frå lag, organisasjonar eller frå folket elles. Kven vil du/de nominere til prisen?

Bilete av mange menneske i ein sal og på ei scene under eit foredrag. - Klikk for stort bilete shutterstock.com

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møre og Romsdal fylkeskommune markerer Frivilligheita to dagar til ende! 


Dag 1 (for inviterte gjestar)

Søndag 4. desember 
Søndag inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til Frivilligheita sin inspirasjonsdag og festmiddag på Scandic hotell, Molde. Her skal Hareid kommune invitere med seg fire frå det frivillige miljøet. Ein av desse er den vi vel ut blant dei nominerte i Hareid til Møre og Romsdal fylkeskommune sin Frivilligpris. Denne prisen vert delt ut berre i år, Frivilligåret 2022.

Vi har mange gode kandidatar i Hareid kommune til Fylket sin Frivilligpris og vi inviterer alle til å kunne nominere. Send ein e-post til melinda.skeide@hareid.kommune.no med forslag og grunngjeving for nominasjon, innan torsdag 27.oktober 2022.

Prisen skal gå til ein person som har gjort ein stor innsats for frivilligheita i lokalsamfunnet over lengre tid. Eit mål er å skape interesse, engasjement, auke statusen og fremje dei frivillige. Prisen skal vere til inspirasjon for frivilligarbeidet i fylket. Ved å løfte fram gode eksempel vil ein synleggjere frivilligheita sin verdi for menneske og samfunn. Her finn du vilkåra for prisen  (PDF, 688 kB)

Prisen er på kroner 30 000, og vinnaren får i tillegg eit kunstverk til ein verdi av 5000–6000 kroner frå ein kunstnar i Møre og Romsdal.

Dag 2 (med påmelding)

Måndag 5. desember, kl. 09.00 - 15.30
Fagkonferanse om frivilligheit for tilsette i kommunar/politikarar og for frivillige organisasjonar/aktørar som har med frivillige å gjere.
Det er ingen eigenandel.


Påmelding til melinda.skeide@hareid.kommune.no innan torsdag 27.oktober 2022 om de ønsker å melde dykk på til denne fagkonferansen.

Tema: 
Korleis ser frivilligheita i fylket ut? - og korleis vil den sjå ut i framtida?
Berekraft i frivillig sektor
RUB: Rekruttere, utvikle og behalde dei frivillige
Nytta av frivilligpolitikk i kommunar