Fylkesmannen legg vekk sak om deling av personopplysningar

I slutten av oktober blei det sendt ut brev til brukarar, og deira pårørande, av heimehjelp og matombering. Vedlagt låg dessverre ei liste over alle som fekk brevet.

Klikk for stort bilete    

Då det blei kjend for Hareid kommune at personopplysningar var blitt delt med uvedkomande, tok kommunen sjølv kontakt med fylkesmannen.

LES MEIR: Beklagar deling av personopplysningar

Då feilen blei oppdaga, blei det satt i gang ein prosess for å rydde opp og informere dei involverte. Mellom anna kontakta kommunen sjølv fylkesmannen sidan det var snakk om opplysningar knytt til brukarar av helsetenestene til kommunen.

No har fylkesmannen konkludert i saka:

«Fylkesmannen ser alvorlig på at informasjon er kommet på avveie. Vi har imidlertid merket oss Hareid kommunes opplysninger om at man på eget initiativ har gjennomgått hendelsen og iverksatt kvalitetsforbedrende tiltak for å unngå at tilsvarende skjer igjen. Det er videre gitt informasjon til involverte brukere og pårørende. Med bakgrunn i den interne gjennomgangen som er gjort, finner vi ikke grunnlag for videre tilsynsmessig oppfølging av saken.»