Fyrste tilfelle av korona-smitte i Hareid

Hareid kommune fekk søndag 22. mars stadfesta sitt fyrste tilfelle av covid-19-sjukdom. Personen er smitta etter utanlandsreise.

Klikk for stort bileteKoronaviruset er ei gruppe virus som har en halo eller korona rundt kjernen. Centers for Disease Control and Prevention's Public Health Image Library  

- Vi visste at denne dagen ville kome, sjølv om det ikkje er ei kjekk melding å få. Som kommune er vi så godt budd som vi kan vere, seier ordførar Bernt Brandal.

Tilstand bra

Den smitta har sidan heimkomst frå Spania vore i heimekarantene. Det same har familien. Karantenen blir no gjort om til heimeisolasjon. Tilstanden til personen er bra og resten av familien vil bli testa måndag.

For dei fleste innbyggarane i Hareid vil det nyoppdaga smittetilfellet ikkje ha noko å seie.

- Vi skal alle halde fram med dei gode smitteførebyggande tiltaka som vi driv med. Det er ein stor dugnadsand der folk er flinke til å halde seg inne og i karantene dersom dei kan vere smitta eller har luftvegsinfeksjon. Vi ser også alle dei som stiller opp for å hjelpe dei som sit inne,  til dømes med innkjøp, seier Brandal.

Godt budd

Som ordførar er han leiar av krisestaben. Den har vore i funksjon sidan tysdag 10. mars. Men lenge før den datoen har kommunen, og særleg sektor for velferd, planlagt korleis dei skal handtere koronasmitte i kommunen.

Legesenteret er no delt i to og det er oppretta eiga infeksjonsavdeling som skal handtere alt av luftvegsinfeksjonar. Her er det eit eige smitteteam som vurderer om det er naudsynt å teste. Dei driv også med smittesporing og andre preventive tiltak.

Det er også oppretta ein eiga isolatavdeling på sjukeheimen som kan nyttast dersom bebuarar/brukarar av desse tenestene får påvist smitte. Avdelinga kan også nyttast av andre koronasjuke som ikkje skal til sjukehus, men heller ikkje kan vere heime.

Hald deg oppdatert!

Brandal viser til helsenorge.no sin koronaportal for gode smitteverntitak, tips til å halde ut i karantene råd til risikogrupper med meir. For å halde seg oppdatert på korleis situasjonen er i Hareid kommune, anbefaler han å sjekke nettsida regelmessig. Det er også smart å følgje kommunen på Facebook eller abonnere på nyheitsbrev. Då kan ein få varsel når det skjer noko nytt.

- Noko av det viktigaste er at alle følgjer med på dei råda og retningslinjene som kjem frå offentlege instansar, mellom anna om å halde seg heime om ein er forkjøla. Då kan vi halde smittespreiinga under kontroll og ikkje overbelaste helsevesenet, seier han.