Gjenopninga trinn 4 blir utsett – men likevel noko lettare tiltak

Ny vurdering blir gjort i midten av august. Det blir likevel gjort nokre endringar i tiltaka for å gjere situasjonen lettare for mellom anna unge og idretten.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Utryggleiken rundt delta-varianten og auka smittespreiing i Noreg og internasjonalt gjer at regjeringa har avgjort å ikkje setje i verk trinn fire i gjenopningsplanen.

- Pandemien er ikkje over. Vi er bekymra for utviklinga i fleire europeiske land på grunn av delta-varianten. Vi er usikre på korleis delta-varianten vil slå ut i Noreg når det gjeld smittespreing og sjukdom, sa helseminister Bent Høie på ei pressekonferanse onsdag om årsaka utsettinga av gjenopningsplanen.

Trass utsettinga blei det gjort nokre lettingar:

Ikkje smittekarantene for barn og unge

Frå 16. august vil barn og unge under 18 år ikkje måtte gå i smittekarantene. Unntaket her er dersom den smitta du er nærkontakt med er ein person du bur med eller andre tilsvarande nære – som kjærast. Unnataket frå smittekarantene gjeld berre dersom det blir gjennomført testing etter særskilde retningslinjer.

Personar over 18 år kan også få unnatak frå smittekarantene på same grunnlag. Det blir opp til kommunane å gjere unnatak. Kommunen bør særskild vurdere om elevar i vidaregåande skule kan sleppe karantene. Per no har ikkje Hareid kommune bestemt korleis våre retningslinjer vil vere.

Idrett – arrangement på tvers av krinsar/regionar

I dag kan barn og unge delta på idretts- og kulturarrangement på tvers av regionar og kretsar. No blir det same mogleg for vaksne.

Næringsliv/organisasjonar: Lettare å ha sosiale samlingar på arbeidsplassen

Det blir lettare for verksemder og organisasjonar som ønsker å ha sosiale treff/arrangement for sine tilsette – som kick off-samlingar. Fram til no har slike samlingar blitt definert som private samankomster som har strengare reglar. Frå no vil dei vere definert som offentleg arrangement. Då kan dei samle fleire. Ein føresetnad er at samlingane skjer i regi av ein ekstern aktør

 

Det har også blitt innført nokre lettingar på innreiserestriksjonane. Les meir om desse på helsenoreg.no.