Gjer som 400 andre, abonner på nyheitsbrevet vårt!

Nyheitsbreva til Hareid kommune engasjerer meir enn andre nyheitsbrev.

Klikk for stort bilete 

Her kan du registrere deg. Det er gratis. Sidan lanseringa i desember 2019 har 400 personar gjort det.

I nyheitsbrevet samlar vi saman dei viktigaste sakene frå førre e-brev blei sendt. Vi sender også ut brev ved viktige hendingar som til dømes under koronakrisa. Målet er å gjere det enkelt for innbyggarane å halde seg oppdatert. Døme på stoff kan vere:

  • Siste nytt om kommunen
  • Vi annonserer ledige stillingar
  • Gir innbyggarane nyttige tips
  • Melder om søknadsfristar
  • Informasjon om dei politiske møta

Hyppigheit

Informasjon om kommunestyremøta ser vi på som særleg viktige. Derfor plar vi å sende ut eit e-brev i samband med desse. Elles ser vi an om vi har noko vesentleg å melde. Det går ut om lag to e-brev i månaden.

Engasjerer

Tenesten vi nyttar til å sende ut e-brevet gjer det mogleg å samanlikne oss med andre utsendarar som liknar oss (offentlege mynde, tilsvarande publikum). Det vi ser då, er at våre nyheitsbrev blir opna mykje oftare enn andre. I snitt opnar 3 av 4 av våre mottakarar breva. Det er nesten dobbelt så mange som dei vi blir samanlikna med. Det tyder på at nyheitsbrevet engasjerer og/eller vi har eit engasjert publikum.

Enkelt å registrere seg

Det er enkelt å registrere seg. Alt du trenger å gjere er å legge inn e-postadressa på denne sida – verken namn, adresse eller anna info er naudsynt. Adressa blir berre brukt til å sende ut e-brevet og følgje med på korleis dei enkelte utgåvene «presterer».