Gjer som 600 andre, abonner på nyheitsbrevet vårt!

Nyheitsbreva til Hareid kommune engasjerer meir enn andre nyheitsbrev.

 

Her kan du registrere deg. Det er gratis. Sidan lanseringa i desember 2019 har nesten 600 personar gjort det.

I nyheitsbrevet samlar vi saman dei viktigaste sakene frå førre e-brev blei sendt. Vi sender også ut brev ved viktige hendingar som til dømes under koronakrisa. Målet er å gjere det enkelt for innbyggarane å halde seg oppdatert. Døme på stoff kan vere:

  • Siste nytt om kommunen
  • Vi annonserer ledige stillingar
  • Gir innbyggarane nyttige tips
  • Melder om søknadsfristar
  • Informasjon om dei politiske møta

Hyppigheit

Informasjon om kommunestyremøta ser vi på som særleg viktige. Derfor plar vi å sende ut eit e-brev i samband med desse. Elles ser vi an om vi har noko vesentleg å melde. Det går ut om lag to-tre e-brev i månaden.

Engasjerer

Tenesten vi nyttar til å sende ut e-brevet gjer det mogleg å samanlikne oss med andre utsendarar som liknar oss (offentlege mynde, tilsvarande publikum). Det vi ser då, er at våre nyheitsbrev blir opna mykje oftare enn andre. I snitt opnar 2 av 3 av våre mottakarar breva. Det er 50 prosent fleire enn dei vi blir samanlikna med. Det tyder på at nyheitsbrevet engasjerer og/eller vi har eit engasjert publikum.

Enkelt å registrere seg

Det er enkelt å registrere seg. Alt du trenger å gjere er å legge inn e-postadressa på denne sida – verken namn, adresse eller anna info er naudsynt. Adressa blir berre brukt til å sende ut e-brevet og følgje med på korleis dei enkelte utgåvene «presterer».