Glatte vegar – vi strør som berre det

Bilete av glatt veg med snøsørpe teke gjennom eit bilvindu. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Inga Seliverstova

Varmare vêr gjer det glatt på vegane våre.

Brøytemannskapa er ute og strør vegane fortløpande, men det er nokre kilometer med veg som skal takast, så ver tolmodige og køyr forsiktig.

Har du meldingar om dårleg eller manglande strøing, kan du sende ei tekstmelding til vakttelefonen for veg, vatn og avlaup, men vent til eit godt stykke utpå dagen slik at brøytarane har fått sjangs til å rekke over alt. Nummeret er 97 06 23 60.