God tur eller velkomen heim! Kos dykk alle saman!

Kva råd og reglar gjeld for koronajula 2021? Her får du eit samandrag.

Pexels.com/Gary Spears  

Mange er på reise i desse tider og mange vil samlast heime eller andre stader. Her kjem ei kort oppsummering av kva koronareglar og -råd som gjeld for jula 2021.

Dersom du er i tvil – kan du hugse på at målet med råda og reglane er å ha få nærkontaktar. Dersom du har det som rettesnor, kjem du langt.

Eit generelt råd er å halde seg heime om du får symptom på luftvegsinfeksjon. Vi vil også at du hurtigtestar deg om det skulle skje.

Eit anna råd som gjeld uansett kva veg du reiser er å halde reglar og råd frå området med strengast råd og reglar/mest smitte. Døme:  Drar du frå Hareid til Oslo, må du følgje råda og reglane i Oslo. Kjem du frå Oslo til Hareid bør du også følgje reglar og råd som gjeld for Oslo.

 

På veg til Hareid?

Velkomen heim! Vi gler oss med deg!

  • Pass på godt smittevern når du reiser.
  • Hugs at det er munnbindpåbod (obligatorisk) på kollektivtrafikk, i venterom, på kjøpesenter med meir.
  • Fleire tar hurtigtestar* før dei skal ut å reise. Hugs: Dette er berre eit augneblinksbilete. Ein negativ test er derfor ikkje ei unnskyldning for å sleppe unna dei vanlege smittevernreglane.
  • Så derfor: Pass på avstand, handhygiene og kvarandre, og ver frisk når du treff andre personar eller går i selskap.
  • Ver ekstra merksam på om du utviklar symptom på luftvegsinfeksjon. Ta ein hurtigtest* og hald deg heime/vekke frå andre om det skjer.
  • Skal du besøke personar på sjukeheimen må du ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon. Du må også nytte munnbind i fellesareala. Vi oppmodar om å halde avstand (sjølv om vi veit det er vanskeleg når du endeleg får treffe dei du er glad i). Sjå detaljerte besøksrutinar på koronaportalen vår.
  • Kjem du frå utlandet må du følgje dei nasjonale retningslinjene for innreisekaantene. Vi forutsett at alle set seg inn i desse reglane og følgjer dei.

* Slike testar for sikkerheits skuld, må du også skaffe på eiga hand – vi gir berre ut testar til personar med symptom eller nærkontaktar.

 

Skal du på reise?

God tur! Vi håpar du kosar deg saman med dei du skal besøke. Pass godt på følgande:

  • Pass på godt smittevern når du reiser.
  • Hugs at det er munnbindpåbod (obligatorisk) på kollektivtrafikk, i venterom, på kjøpesenter med meir.
  • Fleire tar hurtigtestar* før dei skal ut å reise. Hugs: Dette er berre eit augneblinksbilete. Ein negativ test er derfor ikkje ei unnskyldning for å sleppe unna dei vanlege smittevernreglane.
  • Hald deg oppdatert på dei lokale råda og retningslinjer. Det kan til dømes vere andre regler for kor mange som kan møtast. Sjekk nettsidene til kommunen du skal reise til/gjennom for oppdaterte råd/reglar.
  • Ver ekstra nøye på smittevern når du reiser. Både undervegs, og når du er på plass der du skal feire jul.
  • Når du kjem tilbake til Hareid ber vi deg vere ekstra varsam. Skulle du få symptom på luftvegsinfeksjon, bør du – som alltid – halde deg heime og få tatt ein hurtigtest.
  • Dersom du kjem tilbake frå eit område med strengare reglar/råd, bør du følgje dei den fyrste tida du er heime.

 

Skal du halde selskap i jula?

Å så koseleg!

  • Hugs å leggje til rette for avstand mellom gjestar som ikkje bur saman. Du bør derfor ha god plass i heimen din om du skal ha mange gjestar.
  • Be dei som er sjuke om å halde seg heime.
  • Rådet er at du kan ha inntil 10 gjestar på besøk (utanom dei du bur med). Éin gong i løpet av jul/nyttår kan du ha inntil 20 gjestar.

 

Er du gjest i juleselskap?

Så kjekt å bli invitert!

  • Hugs rådet om å avgrense talet på nærkontaktar. Du bør derfor halde litt igjen på kor mange du er på besøk hos.

 

Skal du på arrangement i jula?

Så spennande! Er det konsert eller gudsteneste du skal på?

 

Skal du besøke nokon på sjukeheimen i jula?

Dei du skal besøke blir sikkert kjempeglad for å sjå deg (og du glad for å sjå dei), men husk at:

 

Må du hastehandle dei siste julegåvene?

Er du forkjøla eller verre, skal du halde deg heime. Viktigare enn det skuffa andletet til partnaren din er at du ikkje gir naboen eller dei tilsette koronakarantene i julegåve.

  • Hald avstand til andre kundar og dei tilsette – minst éin meter
  • Det er påbod med munnbind om du ikkje klarer å halde meteren.
  • Vask/sprit hender grundig og ofte

 Hareid kommune ønsker alle saman ei trygg og smittefri jul!