Godkjende vallister til kommunevalet

Valstyret i Hareid kommune har godkjent listene som stiller til val ved kommunestyrevalet i haust.

Klikk for stort bilete

Til saman 121 kandidatar har sagt ja til å stille på liste for til saman seks lister. 40 prosent er kvinner og 60 prosent er menn.

Dei godkjende listene er:

  • Arbeidarpartiet
  • Folkelista for Hareid kommune
  • Fremskrittspartiet
  • Høgre
  • Kristeleg Folkeparti
  • Venstre

Det er 16 personar med stemmetillegg. Av dei er 10 kvinner og 6 menn. Viss partifordelinga blir som ved førre val, og toppkandidatane kjem inn, vil kommunestyret ha same kjønnsfordeling som no (11 kvinner og 10 menn).

 

Klage: Vallova paragraf 6-8 gir moglegheit til å klage på Valstyrets vedtak om å godkjenne eller forkaste ei valliste. Klagefristen er 7 dagar etter offentleggjering av listene. I år blei listene offentleggjort 23. mai. Klagefristen vil då vere 31. mai på grunn av Kristi himmelfartsdag.