Godt skule-kyrkje samarbeid i Hareid

Samarbeid mellom skule og kyrkje - Klikk for stort bilete HK I år som alle tidlegare år arrangerer kyrkja i Hareid gudstenste der barnehageborn og skuleborn er særskilt inviterte. I Hareid er det tradisjon for eit godt samarbeid mellom barnehagane, skulane og kyrkja. Ein ny rettleiar frå myndigheitene legg vekt på at elevane skal ha tilbod om gudsteneste, noko skulen og kyrkja har hatt eit samarbeidsmøte om.

Det blir lagt vekt på at gudstenesta før jul ikkje skal vere ei skuleavslutning i seg sjølv. Dette har kyrkja i Hareid og skulane tatt på alvor. I eit samarbeidsmøte mellom skule og kyrkje i førre veke, har ein frå 2019 vedtatt at skulane skal få eit slik tilbod onsdag i siste skuleveke før jul. Dersom siste skuledag fell på ein onsdag skal gudtenesta flyttast til tysdag i siste skuleveke. Denne ordninga gjer det mogleg å ha føreseieleg tidspunkt for planlegging både for skule og kyrkje, som elles i året.

Både skulen og kyrkja ynskjer å ta på alvor dei nye retningslinjene frå regjeringa. «Alle skoler oppfordres til å tilby elevene skolegudstjeneste. – Det er flott at mange skoler tilbyr elevene besøk til kirken i forbindelse med jul. Kristen tradisjon og kulturarv har en naturlig plass i skolen, og gudstjenester kan være en fin måte å oppleve dette på, sier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.»

Den avtalte ordninga i Hareid trer altså i kraft f.o.m. 2019. For 2018 blir løysinga denne gong gudsteneste for barneskulane på onsdag i siste skuleveke, og for ungdomsskulen på torsdag morgon i siste skuleveke. Ungdomsskulen går då tilbake til skulen for ei juleavslutning. Barnehagane har gudsteneste på fredag, veka i før.

Elevar som ikkje skal delta på gudstenesta får eit anna tilbod på skulen som temadag, lesestund, songstund, lysfest eller andre aktiviteter knytt til kultur og tradisjonar. Når eleven er 15 år kan ein sjølv ta denne avgjersla. Skulen skal sjølv halde oversikt over kva elevar som deltek kvar, og gje foreldre god informasjon om gudsteneste og alternativt opplegg.

Skuleleiinga i Hareid og Hareid sokn

Bildetekst: Frå samarbeidsmøtet førre veke med både skuleleiinga, alle rektorane og Hareid sokn. Frå v. Bente A. Pilskog (kyrkjeverje Hareid sokn), Hege Tretnes (rektor Hareid skule), Cecilie Bjørlykke (rektor Hjørungavåg skule), i midten Siv-Marit R. Kaldhol (rektor Hareid ungd.skule), Barbro Landmark (kyrkjelydspedagog Hareid sokn), bak frå v. Odeta Galdikiene (rektor Brandal friskule) og Vivian Johansen (rektor Bigset skule). Lene R. Veiseth representerte skuleleiinga (rådgjevar for sektor for læring og kultur i Hareid kommune) tok også del i møtet, men er ikkje med på biletet.