Gratis hurtigtestar på Helsehuset

Har du symptom på luftvegsinfeksjon vil vi at du testar deg for covid-19. Vi delar ut hurtigtestar til dei som treng.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Hurtigtestane kan du (men helst nokon utan symptom) hente frå smitteklinikken på Helsehuset. Den har inngang frå Strandgata (mellom ambulansegarasjen og biblioteket). Testane ligg klare til henting i gangen innafor hovuddøra.

Du skal berre ta testane du treng der og då, det vil seie til dei som skal testast same dag. Du kan ikkje ta med testar for å ha liggande i tilfelle. Om alle gjer det, har vi ikkje nok testar.

Når du har henta testen, kan du dra heim og gjennomføre han.

Du testar deg ved å ta prøve i framre del av nasen (2 cm opp). Etter 15 minutt får du svar. Det ligg bruksrettleing saman med testen.

Dersom testen er positiv, må du stadfeste med «vanleg» test (PCR). Den bestiller du via Hareid legesenter på telefon 70 30 70 70. Her bestiller du også test om du ikkje kan ta hurtigtest.

Opningstid for å hente testar er frå 08-15 på kvardagar.

Tilsette i Hareid kommune og elevar/føresette/brukarar kan også få hurtigtestar frå skule/barnehage/institusjon.