Gratis norskopplæring for dine tilsette

Har du tilsette i di verksemd som treng å lære meir norsk? Hos Ressurssenteret tilbyr vi gratis norskkurs til vaksne arbeidstakarar.

Ta kontakt med Ressurssenteret på Hareid for kurstilbod og gratis undervisning.

Ressurssenteret i Hareid kommune er autorisert tilbydar av Kompetansepluss-kurs og får tilskot frå staten til desse kursa. Ressurssenteret i Hareid kommune er opplæringstilbydar og har kurs for innbyggarar på Søre Sunnmøre.

Målgruppa for kursa er vaksne arbeidstakarar, primært med lav formell utdanning, som treng å styrke sine grunnleggande ferdigheiter eller kunnskap i norsk.

Deltakarane skal ha løn- og arbeidsforhold hjå verksemda som søkjer og vere tilsett for minimum seks månadar.

Opplæringa skal vere frivillig og gratis for deltakarar. Dersom kursa skjer i arbeidstid, er det ikkje lov å trekkje deltakarane i løn.

 

Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med:

Trine Pilskog, 7037691 / 90152322 eller

Eiliv Tore Howlid, telefon 94830514 / 70037690

Sjå også: kompetansenorge.no/