Gratis sommarskule for elevar i Hareid kommune

Sommarskulen er eit tilbod for elevar som ynskjer å bruke litt av sommarferien til å lære noko nytt, fordjupe seg i eit tema eller berre få nokre nye og kjekke opplevingar og nye venskap! Tilbodet er gratis og er for elevar i Hareid kommune som er ferdig med 5.-10. trinn sommaren 2021.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Om sommarskulen

  • Kursa vil finne stad i veke 25 og 26,  frå måndag til fredag. I veke 25 er aldersgruppa 5.-7. klasse og i veke 26 er aldersgruppa 8.-10. klasse.
  • Felles mål for alle kursa er at elevane skal lære noko nytt gjennom kjekke opplevingar i eit trygt, aktivt og sosialt læringsmiljø. 
  • Kursa vil innehalde ulike tema, praktiske- og fysiske aktivitetar

Påmelding

  • Her kan du melde deg på: 
  • Frist for påmelding er 06. juni 2021
  • Alle kursa er gratis. 
  • Du får høve til å melde deg på ulike kurs gjennom veka
  • Kvar elev melder inn prioritert rekkefølge på to kurs dei ynskjer å delta på. Vi prøver å gje alle plass på første prioritet. 
  • Dersom det er fleire søkarar enn plassar vert «første mann til mølla» prinsippet nytta. Påmeldinga er bindande.
  • I svaret vil du få beskjed om du har fått plass på det ønska kurset, eller om du er på venteliste.
  • Dersom ein melder seg av sommarskulen etter 13. juni kjem eit gebyr på 200 kroner.  
  • Fråvær/sjukdom vert meldt direkte til prosjektleiar for sommarskulen cecilie.bjorlykke@hareid.kommune.no  

 

Særskild tilrettelegging

Vi ynskjer at alle som vil skal kunne melde seg på sommarskulen. Alle har same sjanse til å få plass uavhengig om du treng tilrettelegging eller ikkje. Særskild tilrettelegging kan til dømes gjelde ved sosiale utfordringar, funksjonsnedsettingar eller bruk av medisin. Er du usikker på om det er behov for særskild tilrettelegging for ditt barn må du gjerne ta kontakt med Cecilie Bjørlykke på telefon 975 20 931 eller e post cecilie.bjorlykke@hareid.kommune.no

Ved påmelding legg du inn eventuelle behov for tilrettelegging. Vi kan tilrettelegge innafor dei gjeldande gruppestørrelsane, slik at alle vert ivaretekne innanfor eit inkluderande fellesskap. 

 

Oppmøte og deltaking

  • Sommarskulen har base på Sunnmøre Folkehøgskule (Sufh), men aktivitetar og opplegg vil i all hovudsak gå føre seg i Hareid kommune. Det vert sett opp eigne tidspunkt for transport til Sufh frå 08.30 ved dei ulike barneskulane i kommunen ( eller langs vegen ) Dette gjeld både 5.-7.kl og 8.-10.kl.
  • Dagen startar med frukost kl. 09.00 og felles informasjonsøkt før aktivitetane startar. Dagen vert avslutta med middag kl 16.00, med høve for transport heim 16.30. I tillegg er det høve til frivillige fritidsaktivitetar ved Sufh etter kl 16.00, og fram til kveldsmat kl 19.30.(med transport heim 20.30 )
  • Eit av opplegga på sommarskulen inneber ei overnatting dersom ein ynskjer det.
  • Elevane må ha med klede etter forholda. Sommarskulen stiller med evt utstyr som ein treng til opplegg og aktivitetar.
  • Det vil bli servert frukost, lunsj og middag kvar dag. Ved påmelding til frivillige fritidsaktivitetar etter kl 16.00 får ein også servert gratis kvelds.  På kurs som inneber overnatting vil all mat vere inkludert. 

 

Organisering 

  • I veke 25 er aldersgruppa 5.-7. klasse og i veke 26 er aldersgruppa 8.-10. klasse.
  • Vi tek omsyn til smittevern og fyl gjeldande reglar frå fhi.no  
  • Alle kursleiarar ved sommarskulen har levert politiattest, og er handplukka for å sikre gode faglege og sosiale opplevingar for elevane.  

 

Her kan du lese meir 

Måndag og fredag kan du velje temadag der ulike tema inneheld ulike aktivitetar.

Tysdag er det lagt opp til at lokale arrangørar på Hareid skal få vise seg fram og du kan delta på to ulike aktivitetar – ein før lunsj og ein etter lunsj

Onsdag er turdag med ulike turmål for dei ulike aldersgruppene. 

Torsdagen vert det Camp Nessetelva med moglegheiter for overnatting i hengekøye for begge aldersgruppene.

 

Informasjon om kurstilbod måndag og fredag

Du vel eitt tema som går over begge dagar

  1. Friluftsliv, idrett og vannsport
    Velkomen til fullspekka dagar der du får oppleve det beste av det meste. Du får oppleve noko vilt, vakkert og ekte. I løpet av veka vil du kunne få oppleve RIB-båt, klatring, ulike ballaktivitetar, racket-sport, sandvolleyball og ulike turneringar.
  2. Kreativt verkstad
    Her får du bruke dine kreative sider gjennom workshops i maling, strikking, redesign og til å lage di eiga t-skjorte/batikk.
     
  3. Musikk/film- produksjon
    Utrykk deg gjennom lyd og bilde. Det vert workshops med filmproduksjon, band, singer-songwriter og digital låtproduksjon. Instrument, Mac-ar og programvarene Final Cut og Logic står til fri bruk. Resten er opp til deg sjølv.

 

Informasjon om lokale aktørar på Hareid tysdag i sommarskulen

 

Skrivekurs på nye biblioteket;

  • Forfattar Ingunn Røyset arrangerer skrivekurs med utgangspunkt i bøker ho har skrive sjølv.

 

Hareid kulturskule; ( gjeld berre veke 25 )

  • 1. Kreativ kunst, 2. Musikkverkstad 3. Streetdans/hiphop.

Hareid IL

  • 1. Fotball/Handball 2. Turn/Friidrett

Søre Sunnmøre Golfklubb;

  • Golf/fotballgolf på Golfbana

 

Informasjon om dagsopplegg onsdag

 

5.-7.klasse:

1. Høgt og lavt: bli med til Hydla klatrepark i Stryn, der du får instruksjon og adrenalinutfordring med ulik vanskegrad 2-10 meter over bakken.

2. Opplevingstur til Hakallegarden: Her køyrer vi eige opplegg med stell av dyr, skyting med pil og boge, traktorkøyring, hesteriding og andre valfrie aktivitetar.
 

8.-10.klasse:

1. Dagstur med Polarstar til Hjørungfjorden: Tur med vår eiga Grand Old Lady. Her blir det både omvisning og lære om historier frå ishavet, selfangst og alt denne skuta har vore med på. Turen går til vakre Hjørungfjorden med innlagt lunsj og fisking.

 

Informasjon om dagsopplegg torsdag/tilbod om overnatting til fredag

 

Camp Nessetelva  
Ulike workshops: Mat på bål, kajakk/kano, 62 grader nord, slakk line, hengekøyecamp, speidarliv, overnatting lavvo og hengekøye.