Gratis vaksiner mot lungebetennelse

Er du i risikogruppa bør du ta denne kvart tiande år.

Person i legefrakk viser fram sprøyte med vaksine. - Klikk for stort bilete Pexels.com/RFstudio  

Hareid kommune har 40 pneumokokkvaksinar som beskyttar mot infeksjonar som lungebetennelse.

Vaksinen gir eldre og personar med underliggande sjukdom god beskyttelse mot pneumokokkinfeksjon.

Folkehelseinstituttet (FHI) rår alle over 65 år og personar med risikosjukdomar å ta denne vaksinen kvart tiande år. På helsenoreg.no kan du sjekke kor lenge sidan det er sidan du tok vaksinen sist. Dersom det er minst ti år sidan førre gang, kan du få oppfriskingsdose.

Ta kontakt med Hareid helsestasjon om du ønsker gratis vaksine.

  • Dato for vaksinering:  08. juni
  • Tidspunkt: 12.00 – 13.00
  • Stad: Hareid helsestasjon, helsehuset

Ta kontakt med helsestasjonen på telefon  46 83 47 85 for bestilling av time.