Bilete frå vinterferieleiren i 2024
Christer Lundberg Nes/Sunnmøre friluftsråd
Ungdom i ungdomskulen er velkomne på gratis vinterleir ved Nysætervatnet i Sykkylven. Det blir kjekke og varierte vinteraktivitetar med ski, aking, truger, capture the flag med meir.
Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 18. februar til og med laurdag 22. februar.
Du treng ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski og liknande om du har.
I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik, BUA Volda, BUA Ørsta med fleire, låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr.
Det blir sett opp buss som også går innom Hareid.
Påmeldinga har starta – og det er første mann til mølla.
Her kan du lese meir og melde på.