Grønt nivå i skular og barnehagar - informasjon til føresette i Hareid kommune

Pexels/Davis Sanchez  Vi går frå måndag 31. januar over til grønt nivå i skule og barnehagar. Dette er grunna i ei totalvurdering og føringar frå sentralt hald om kriterium for å halde på gult nivå. I tillegg er alle nabokommunane våre over på grønt nivå.

Dette dokumentet blir også sendt direkte til føresette.

Dersom det oppstår smitte blant barn/tilsette i barnehage og skule:

  • Ved smitte i barnehage/skule vil det gå ut melding til føresette til barna på trinnet eller avdelinga om dette anten via e-post (barnehage) eller Edlevo (skule)
  • Barn/elevar/tilsette som er nærkontaktar bør då teste seg inn før barnehage/skuledagen på dag 3 og dag 5
  • Du er nærkontakt dersom du har vore saman med den smitta mindre enn 48 timar før symptom oppstod eller den positive testen blei teken.
  • For å gjere det enkelt for føresette, vil vi sende med elevane testar heim i sekken, eller gi direkte til føresette i barnehagen.
  • Dersom barnet ikkje er på skule eller i barnehage når testane blir delt ut, kan føresette hente test frå smitteklinikken på Helsehuset (inngang Strandgata). Opningstid 08-15.
  • Viss testen er negativ, kan barna møte i barnehage/skule som normalt.
  • Er testen positiv, må føresette varsle rektor eller styrar. Når barn har positiv hurtigtest, må desse også stadfestast av laboratorietest (PCR). Kontakt også legekontoret på 70 30 70 70 for å bestille time.

Testing av barn

For mange barn vil testing opplevast ubehageleg og noko dei helst vil unngå. I trygge omgjevnader vil likevel testing ofte la seg gjennomføre i samarbeid med barnet. Det er viktig å sikre at testinga ikkje opplevast som tvang, eller utførast på ein måte som opplevast traumatisk. Barn som motset seg test skal ikkje testast, og ingen skal testast med tvang for smittevernformål. Føresette kjenner barnet sitt best og vurderer om testing lar seg gjennomføre. Ved behov kan føresette teste seg i staden.

Barn og ungdom i isolasjon og karantene

Barn og ungdom som får påvist koronainfeksjon skal i isolasjon. Det er svært viktig at omsorgsbehovet til barn og unge blir teke i vare, sjølv om dette betyr at vi ikkje kan halde avstand. Dette gjeld både om det er barnet eller føresette som er i isolasjon. Det kan også innebere at søsken i same husstand kan omgå kvarandre som normalt.

Barn og ungdom i isolasjon eller karantene kan også vere utandørs så lenge dei ikkje er i kontakt med andre enn husstandmedlemmar.

Barn som oppheld seg i fleire heimar.

Mange barn har tilknyting til fleire heimar. Ofte er dette barn med føresette som har to ulike hushald etter samlivsbrot. Dette kan også dreie seg om barn og unge som har ulike former for avlastningar eller har deltidsopphald i omsorgsbustadar. Hovudregelen er at planlagt samvær kan gjennomførast.

Kven svarer på kva?

Ved behov for meir informasjon kan føresette til elevar i skule kontakte slik:

  • Spørsmål relatert til skulen sin praksis: rektor ved den einskilde skule
  • Informasjon/dialog om enkeltelev: kontaktlærar
  • Helsefaglege spørsmål: helsetenesta i kommunen.

Ved behov for meir informasjon kan føresette til barn i barnehage kontakte slik:

  • Spørsmål relatert til barnehagen sin praksis: styrar ved den einskilde barnehage
  • Informasjon/dialog om det einskilde barn: pedagogisk leiar på avdeling
  • Helsefaglege spørsmål: helsetenesta i kommunen.

Sjå også Hareid kommune si koronaportal. Denne blir oppdatert med informasjon om situasjonen i kommunen og råd og tiltaka som gjeld.