Gruppeleiarane skal møte tillitsvalde og pårørandeforeininga

På saklista står omstillinga på sjukeheimen.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  


Det er arbeidstakarorganisasjonane som har invitert gruppeleiarane til dialogmøte. Dei ønsker at dei folkevalde skal vere best mogleg rusta til å fatte det rette vedtaket. Formannskapet skal handsame omstillinga på sjukeheimen i sitt møte onsdag 17. februar kl 12. Der skal dei innstille til kommunestyret. Kommunestyret skal fatte vedtak i saka 25. februar.

Etter at dette møtet med dei tilitsvalde blei avtala, blei pårørandeforeininga også kopla på. Dermed skal dei også møte gruppeleiarane.

LES MEIR: Her kan du lese alle artiklane om saka. 

Når gruppeleiarar samlast for å diskutere ei sak, er det rekna som eit møte i eit folkevald organ. Då gjeld kommunelova sine reglar for mellom anna møteinnkalling, sakliste og protokoll. Slike møte skal også vere opne for ålmenta. På grunn av koronasituasjonen vil dessverre ikkje publikum få tilgang, men Vikebladet Vestposten er invitert til møtet og dei har sagt at dei kjem.

Sakliste til møtet tysdag:

  • Tid: 16. februar klokka 1830
  • Stad: kommunestyresalen
  1. Møte mellom gruppeleiarane i kommunestyret og dei tillitsvalde på sjukeheimen
  2. Møte mellom gruppeleiarane i kommunestyret og pårørandeforeininga

Fekk du ikkje med deg folkemøtet om omstillinga? Sjå det i opptak her: