Ha ein god sommar med korona i kulissane

Hareid kommune ønsker at befolkninga skal kunne nyte sommarfriheIta på ein trygg og avslappande måte.

Klikk for stort bilete pexels.com  

Smittetrykket med koronavirus og risiko for smitte med covid-19-sjukdom lokalt i Hareid og på Sunnmøre, er svært lavt. Det er likevel viktig å sjekke korleis situasjonen er i den enkelte kommune/region dersom du har tenkt deg andre stader.

Reiseråd

Den nasjonale informasjonen som fins beregna på publikum finn de her under kapitlet «For befolkningen. Denne skal til einkvar tid vere oppdatert med det du høyrer på nyheitene.

Her finn du også smittevernråd for ferie og reiser,både innanlands og utanlands. For dei som ønsker å vere ekstra trygg på at det er liten risiko for smitte ved dei tilboda ein kjøper som mat/servering, hotell, camping osv. kan det være interessant å setje seg inn i «Råd til reiselivsbransjen om reiser og ferieaktiviteter i Norge»

Smittevernråd

Samfunnet har opna opp på dei fleste område, men korona-viruset fins dessverre omkring oss på ubestemt tid framover. Dei vanlege smittevernråda må følgjast ut året iallfall: 

  • God handvask med såpe og vatn etter alle mulege risikosituasjoner og før spising, ev. bruk av desinfeksjonssprit eller hanskar i somme høve. 
  • Halde avstand på minst ein meter til alle, med unnatak av dei som ein bur saman med. Unngå samanstimlingar. Hald avstand i køer. Obs. ved offentleg transport.
  • Ikkje delta i eller organiser forsamlingar større enn 50 personar, sjølv om andre gjer det. 

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev!

Offentlege toalett

Generelt er dei fleste litt skeptiske til offentlege toalett, også fordi dei lett blir noko tilgrisa. Det er vanskeleg å halde så høg frekvens på tilsyn og vask at det fanger opp alle som roter på toalett til einkvar tid.
I koronatider er det ekstra viktig å vere påpasseleg. Koronavirus er påvist både i urin og avføring. Om du må setje deg på toalettet, og der ikkje er desinfeksjonsutstyr lokalt, bør du ha desinfeksjonssprit med deg og bruke det på toalettsetet kvar gong. Vaske med såpe og vatn kan også gjere nytten.

Besøk på sjukeheimar

Skal du besøke nokon du kjenner på sjukeheim, gjeld framleis at ein må gjere avtale på førehand, og du må halde 1 meter avstand til din slektning eller venn også på rommet, eit besøksrom eller ute på terrasse eller hage. I særskilte situasjoner kan anna bestemmast av ansvarleg sjukepleier. 

Det gjeld ikkje fritt opphald i fellesarealer på sjukeheim, ein skal gå direkte til aktuelt rom, eller til uteområde der besøket foregår. 

LES MEIR: Oppdatert informasjon om helse- og omsorgstenestene våre.

Kor lenge eit besøk kan vare er avhengig av etterspurnaden: kva som lar seg organisere på ein god måte når det skal gjerast avtale for besøket. Alle skal ha mulighet for ei avtale, kort eller lang. Du blir registrert med namn og telefonnummer for å kunne sporast om det dukkar opp smitte på sjukeheimen.
Spaserturar og bilturar med slektning på sjukeheimen er også muleg, men hugs minimum avstand 1 meter. Det betyr at er de 2 i bilen bør slektningen sitje diagonalt bak. Tenk også på retninga av luftstraumen i bilen.

Sjukdom i ferien

Får du sjukdom i ferien i form av luftvegssymtom er retningslinjene at ved milde symptom bør ein sjå an symptoma eit par døgn. Om det blir eit eller 2 døgn kan variere med korleis prøvetakinga er lagt opp i kommunen du befinn deg. På Hareid vert det for tida testa 3 dager i veka i kontortida, så då bestemmer det gjerne om det blir 1 eller 2 dager med symptom før testing. Eller vil det vere opp til legens beslutning. Sjå FHI si testkriterier.​​​​​​​

Kontakt legevakta der du er om du får akutte symptom, for å bli vurdert. Du når legevakta på telefonnummer 116 117 i heile landet. Om det er alvorlege symptom ring 113.

Hareid kommune ønsker alle innbyggjarane ein avslappande og komplikasjonsfri sommar med koronaviruset i kulissane! Hugs ikkje å pådra deg smittte, og heller ikkje påføre andre smitte!

Karsten Vingen,
Kommuneoverlege