Har du bustad til flyktningar?

Hareid kommune held på å kartlegge bustadar som kan passe til busetting av flyktningar.

Erlend Friestad  

Vi ønsker å få oversikt over potensielle bustadar for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.

Det er framleis svært usikkert kor mange flyktningar som kjem til Noreg frå Ukraina og kor lenge dei vil bli. Det vi veit er at regjeringa vedtok 11. mars at flyktningane frå Ukraina skal få kollektiv beskyttelse. Vi reknar med at vi må busette både enkeltpersonar og familiar, også frå andre område enn Ukraina.

Dette treng vi:

Allereie no vil vi presisere at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadane som blir meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.

Bustadane vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande kriterium:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys mm)
  • Kjøken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

Her melder du inn

I den hektiske fasen vi er i no, kan dei som melder inn dessverre ikkje rekne med respons før vi har ein totaloversikt, både over tilbodet og behovet.

Har du ein ledig bustad som stettar kriteria over?

Registrer deg og bustaden via dette skjemaet.

Her kan du også stille spørsmål om du har det.