Har du ein Kygo eller George Martin i magen?

Hareid kulturskule har eit nytt tilbod til hausten: musikkproduksjon. Lærar Svenning Veiseth vil undervise innanfor fleire sjangrar og stilartar for å stimulere kreativiteten hos elevane.

Klikk for stort bileteSvenningVeiseth i heimestudioet hans. Privat

  • Utstyr: Bærbar PC/Mac, FL Studio (produksjonsprogram) høyretelefonar
  • Påmeldingsfrist: 12. juli
  • Påmelding: Send e-post til kulturskulen@hareid.kommune.no
  • Her kan de også sende eventuelle spørsmål, eller ringe rektor Torgeir Hauge på tlf. 941 60 131
  • Pris: 3170 per skuleår

Her kan de lese kva tankar lærar Svenning Veiseth har om kurset:

Frå og med skuleåret 19/20 skal eg, Svenning Veiseth vere kulturskulelærar i faget musikkproduksjon. Eg har sjølv produsert musikk sidan eg var tolv og er på mitt sjette år som musikkprodusent. Eg er sjølvlært innanfor dette «instrumentet». Eg har spelt piano og tuba i kulturskulen, og har utvikla meg til ein dyktig pianist i løpet av mine elleve år med pianospeling. Noko eg har fått mykje utbytte av med tanke på musikkproduksjonen

Då eg fyrst byrja å produsere musikk hadde eg sjølv, på lik linje med mange nybyrjarar, ein draum om å bli den nye Kygo. Etter nokre månadar i gamet innsåg eg at det ikkje var så lett som eg hadde trudd. Det var vanskeleg å utvikle seg så mykje når eg ikkje hadde nokon til å undervise meg. Derimot, etter at eg byrja å bruke meir å meir tid vart eg betre og betre. 

I dag produserer eg mykje musikk for andre, som regel innanfor EDM-sjangeren (elektronisk dansemusikk), men eg produserer også musikk for bandet mitt «Ufokusert». Gjennom kulturskulen har eg planar om å undervise innanfor fleire sjangrar og fleire stilartar for å opne kreativiteten blant elevane. Sjølve undervisninga vil gå føre i små puljar eller enkelt undervisning der vi saman produserer og lagar produkt vi begge kan vere nøgde med. Eg vil oppmuntre elevane om å lage så mykje musikk dei kan mellom timane slik vi har mykje vi kan jobbe med i undervisningstimane. 

For elevane er det ikkje så mykje anna dei treng, i starten, enn ein laptop, produksjonsprogrammet (FL Studio), og eit headset. Det var sjølv dette eg byrja med, og har ikkje hatt nytte av noko anna før eg kom meg eit par år inn i produksjonen.

På lik linje med andre instrument kulturskulen underviser i, er dette også eit instrument som ein må øve på for å utvikle seg, og det å ha rett utstyr kan motivere eleven til å framhalde med engasjementet. 

Det å produsere musikk er ikkje, som kanskje mange trur, berre å lage såkalla «datamusikk». All musikk dei siste tiåra har blitt produsert og miksa gjennom datamaskiner. Sjølv om eg har bakgrunn i det elektroniske har eg planar om å undervise vekk heile pakken, og legge vekt på det eleven sjølv vil produsere. Eg har eit mål om å skape noko kreativt i eleven, og også opne deira musikkperspektiv gjennom musikkproduksjonen.

* Kygo er artist/musikkprodusent frå Bergen, George Martin er best kjend for å vere produsent for the Beatles