Har du ein Rembrandt eller Picasso i magen?

Slepp dei laus og utforsk dine kreative sider på målekurs.

Ulstein kulturskule inviterer til målekurs. Det er også ope for hareidsdølar.

I løpet av kurset vil du få hjelp til å finne ut korleis du skal velje kva du vil male? Skal det vere figurativt eller abstrakt, eller litt inni mellom? Vil du fortelje noko med måleriet? Vil du leike med farger? Vil du utfordre deg sjølv? Eller vil du prøve noko nytt? Vil du kople av? 

Kurset er for vaksne og handlar om kva vi vil male med akrylmaling.  Korleis vi skal få det til på forskjellige måtar, med dei moglegheiter akrylmaling gir oss?  Korleis kan vi bruka forskjellige reiskap til å skaffe forskjellige uttrykk? Korleis påverkar farger uttrykket mitt?

Du kan velje mellom kurs på dagtid (fredagar) eller torsdagar (ettermiddag/kveld). Pris 2.500 kroner inkludert materialbruk.

For at kurset skal bli gjennomført må det ha seks påmeldte. Ta kontakt med Monica Vermeer på 984 45 154, eller Ulstein kulturskule 70 01 77 70 om du vil bli med eller har spørsmål.

Datoar: 

Ettermiddag/kveld, torsdagar frå kl 18-2030:

14.02, 21.02, 07.03, 14.03, 21.03, 28.03, 04.04 og 11.04

Dag, fredagar frå kl 11-1330:

15.02, 22.02, 08.03, 15.03, 22.03, 29.03, 05.04 og 12.04