Har du mulighet til å hjelpe?

Flyktningkontoret har fått meldt inn at det eit behov for varme kle for kvinner, menn og barn.

Bilete av ein blå og ein gul genser. - Klikk for stort bilete shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

For kvinner og menn er det vinterjakker, vinterbukser, ullklede og fleeceklede som trengs, i ulike storleikar – gjerne store størrelsar; samt vottar, skjerf og luer.

I tillegg treng dei vintersko i storleikar frå str. 36 til 46,5.

For barn er det behov for vinterjakker (str. 140–170), vinterbukser (str 140-146) og vinterdress (str. 122) og ullundertøy til gutar. Ullgenser til jenter str. 10 år er det også behov for. Luer og vottar i str. 10 år trengst også.

Barna treng også vintersko: jenter str. 28 -33 og gutar str. 37 – 39.

Kleda må vere reine og i god stand.

Kleda kan leverast på flyktningkontoret på Hareid rådhus (kjellaretasjen, inngong mot Melshorn hotell) på måndag 19.12 eller onsdag 21.12 mellom kl. 14:30 og 15:30.

Dei som ønskjer å gjere andre avtalar kan ta kontakt med flyktningkontoret ved Kristin på tlf. 906 19 418