Hareid-barnehagane opnar tysdag 21. april

Vi gler oss til å ønske barna i dei kommunale barnehagane velkomne tysdag 21. april!

Klikk for stort bileteSyverplassen barnehage i Hareid kommune. 

Regjeringa har no gitt klarsignal for å opne barnehagane. Dei skal opne tidligast måndag 20. april og seinast måndag 27. april.

I Hareid kommune opnar barnehagane tysdag 21. april. Måndag 20. april blir brukt til å klargjere barnehagane slik at vi kan følgje dei nasjonale retningslinjene som blei lagt fram onsdag. Dei barna som har foreldre som er samfunnskritisk personell, vil få same tilbod som dei har hatt til no, også måndagen.

Mindre barnegrupper

Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har laga ein rettleiar for å sikre naudsynte smitteverntiltak. Hareid kommune vil følgje føringane i denne rettleiaren so langt som råd, mellom anna:
•    Barna skal vere i små grupper. Kvar gruppe har avgrensa kontakt med dei andre barnegruppene.
•    Dei tilsette skal vere fast tilknytt ei gruppe
•    Økt bruk av uteaktivitet
•    Endra måltidsrutiner
•    Auka reinhald og hygiene

Her kan du lese meir om kva dette vil ha å seie for deg som føresett.

Information in foreign languages

Barnehagene vil vere i direkte dialog med føresette for å legge til rette på ei best mogleg måte. Du som føresett skal vite at det er trygt å sende barna dine i barnehagen. Smittevern står høgt på dagsorden og dei tilsette er godt trente i dette. Barn blir i mindre grad smitta enn andre og har mindre risiko for å utvikle sjukdom av koronaviruset.

Redusert opningstid

Desse retningslinjene inneber ein del praktiske utfordringar som gjer at vi ikkje har moglegheit til å ha ope til vanlege tidspunkt:

Dei fyrste dagane etter opning (tysdag 21. april) vil dei kommunale barnehagane ha ha ope frå kl 09-15.

For dei med samfunnskritisk rolle og barn med særlige behov, skal vi legge til rette for særskilt. Dei må ta kontakt med barnehagen sin for å gjere avtale. 

Tilsette vil jobbe fulle dagar. Endring av opningstid skuldast at dei tilsette treng timane før og etter at barna er til stades, til mellom anna ekstra reinhald og tillaging av måltid.

 

Sjukdom og barnehage

Terskelen for å halde barnet heime ved sjukdom skal vere svært lav.
•    Barn og tilsette, sjølv med midle symptom på luftvegssjukdom, skal ikkje i barnehagen. Dei skal halde seg heime i éin dag etter at dei er symptomfrie.
•    Barn og tilsette som har hatt nærkontakt med/bur saman med påvist covid-19-tilfelle, skal i karantene og skal derfor ikkje i barnehagen.
•    Barn og tilsette som har påvist covid-19, skal i isolasjon og dermed ikkje i barnehagen.
•    Føresette som har symptom på luftvegssjukdom, er i karantene eller isolasjon skal ikkje møte i barnehagen for henting/levering.

Testing for covid-19-sjukdom

Det er lagt opp til låg terskel for å teste for covid-19 for barnehagebarn og tilsette. Målet er å fange opp eventuelle utbrot før dei får spreie seg.
Har barn eller tilsette symptom på luftvegsinfeksjon meir enn to dagar, må dei ta kontakt med fastlege for å avtale koronatest.

Risikogruppe/kronisk sjuke barn

Norsk barnelegeforening har i samråd med Folkehelseinstituttet utarbeida ei oversikt over ulike diagnosar hos barn og unge og om det er naudsynt med spesielle omsyn. Norsk barnelegeforening meiner dei aller fleste barn med kronisk sjukdom kan og bør gå i barnehagen. Sjå denne nettsida for råd. 

Føresette kan også kontakte smittevernlege i Hareid kommune Vidar Vollsæter for råd

Diverse lenker: