Hareid helsestasjon tar over koronavaksineringa

Snart er det aldersgruppa 65-74 sin tur til å få vaksine. Alle vil få tekstmelding når det nærmar seg deira tur.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

 


Det er Hareid helsestasjon som står for koronavaksineringa i Hareid kommune (frå veke 14).

Hareid legesenter vil framleis kalle inn og vaksinere dei som er i risikogruppene mellom 18-64 år. Dei som har fått fyrste dose på legesenteret vil også få andre dose her.

Stad for vaksineringa framover vil vere Hareid helsestasjon eller Hareidshallen – avhengig av kor mange dosar kommunen får til ei kvar tid.

Når det nærmar seg din tur til å bli vaksinert, vil du vil få ei tekstmelding frå c19 med beskjed om at det er din tur å få koronavaksine og i den finn du ei lenke til c19.no der du kan bestille time til koronavaksinering. Det vil ikkje vere mogleg å bestille time før du har fått tekstmeldinga.

Om du ikkje responderer på tekstmeldinga i løpet av eit par dagar, vil du bli ringt opp av Hareid helsestasjon. Du misser altså IKKJE plassen din sjølv om du overser meldinga.

Dersom du synes det er vanskeleg å bestille time på nett kan du be om hjelp frå ein pårørande, eller du kan ringe telefon 90 93 39 22 måndag – fredag 9-15.Det er c19 som er avsendar av tekstmeldingane. Vaksinen er gratis, så om du får ei tekstmelding med krav om førehandsbetaling eller andre økonomiske opplysningar, er den ikkje frå oss.

Slik bestiller du på nett:

  • Trykk på «Bestill time for koronavaksinasjon».
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille vaksinasjon for andre, for eksempel om du er pårørande til ein som ikkje klarer det sjølv.
  • Du får automatisk tildelt ein time, du kan ikkje velje tidspunkt sjølv. Om timen ikkje passar  du ta kontakt med helsestasjonen på telefon 90 93 39 22
  • Du får ei kvittering på bestillinga di med beskjed om tidspunkt for timen, kvar du skal møte opp, kvar du skal parkere, samt kva for ein inngang og avlukke du skal gå til.
  • Du vil få ei påminning på tekstmelding dagen før timen.
  • Før du bestiller time til vaksinasjon kan det vere lurt å lese gjennom og fylle ut dette eigenerklæringsskjemaet som skal takast med til vaksinasjonstimen.

Bruk munnbind medan du oppheld deg i vaksinasjonslokala.