Hareid kommune er dårlegast på vaksinering i fylket

Faktisk er vi nesten heilt på botn i landet. Berre 13 kommunar har dårlegare vaksinedekning enn oss.

Pexels.com  

  • Berre 68 prosent av innbyggarane i Hareid er fullvaksinerte. Vanylven er best på Søre Sunnmøre med ei vaksinasjonsdekning på 77,2 prosent. Faksimile vg.no  Dette er ei plassering vi ikkje kan seie oss nøgd med. Ikkje fordi det er ukult å ligge sist, men fordi vaksinedekninga bokstaveleg tala er livsviktig.

Vi har den siste månaden sett korleis koronaviruset har hatt nærast fritt spelerom i enkelte miljø med stor vaksineskepsis og mange som ikkje har tatt vaksinen. Her har mange blitt alvorleg sjuke og fleire har blitt lagt inn på sjukehus. Profilar frå dette miljøet har no fått seg ei erkjenning og rår no folk til å ta vaksinen.

Det florerer av konspirasjonsteoriar om vaksinane. Dei som er lengst inne i desse, har vi ingen tru på å omvende. Men du som er i tvil, lytt til fagfolka både dei som kan medisin og dei som kan statistikk.

Er vaksinen trygg?

No er det sett nesten 9 millionar dosar med koronavaksine berre i Noreg. Helsestyresmaktene overvaker biverknadane fortløpande. Dei aller fleste som får biverknadar får vondt i skuldra, sjukdomskjensle og kanskje feber.

På sosiale medium sirkulerer det masse falsk informasjon om biverknadar. Enkelte viser til FHI og andre «offisielle» tal for å vise kor farleg vaksinen er, men dei er anten reinspikka løgn eller kunnskapslause om statistikk og måten biverknadar blir meldt inn.

Til no er det meldt om 44.000 mistenkte biverknadar – dei aller fleste av desse er kategorisert som ikkje-alvorlege. Kven som helst, også du, kan melde inn biverknadar. Dette er medisinske hendingar som skjer i etterkant av vaksinasjonen, men det er langt frå sikkert at det er ein samanheng, sjølv om det er samanfall i tid.

Eit døme: I eit normalår vil eit gitt del av befolkninga tilstand A. Når vi så vaksinerer store delar av befolkninga vil enkelte av dei vaksinerte få tilstand A kort tid etter vaksinering, men desse ville fått A uansett vaksine eller ikkje.

Ein påstand som stadig dukkar opp på sosiale medium er at vaksinane tar livet av fleire enn covid-19 sjølv. Dette er påstandar som ikkje har rot i verkelegheita. Her er ei lenke til ein faktasjekk som i detalj går gjennom denne påstanden.

Det er legemiddelverket som går gjennom dei innmeldte biverknadane og kvalitetssikrar dei. Her oppdagar dei samanhengar og rapporterer vidare. Dei varslar legar og anna helsepersonell om å følgje med på særlege symptom som kan vere alvorleg – både for å avdekke, men også for å førebygge

Helsestyresmaktene vurderer så samla om biverknadane og mengda av dei er akseptabel. Mange hugsar nok Astrazeneca-vaksinen som vi ikkje nyttar lenger. Den blei droppa på grunn av for mange farlege biverknadar. Risikoen var større enn nytta.

Når det gjeld vaksinane vi nyttar i dag, er konklusjonen at risikoen for den enkelte er svært låg, medan nytten er høg – og nytten for samfunnet er enorm.

For dei som er særskild interesserte, rapporterer Legemiddelverket kvar veke på innmeldte biverknadar. Her er lenke til alle rapportane.

Kor godt verkar vaksinen?

Kor godt vern får du av vaksinane er noko som også blir vurdert fortløpande. Vi veit med sikkerheit at vaksinen beskytter godt mot alvorleg sjukdom. Andelen uvaksinerte som blir alvorleg sjuke er mykje høgare enn i gruppa som er vaksinert. Til dømes er det per no 21 innlagte på grunn av covid-19 i Møre og Romsdal. Fleirtalet av desse er uvaksinerte – trass at dei berre er ein brøkdel av befolkninga totalt

Sidan færre vaksinerte blir sjuke av covid, vil vaksinering også vere med på å bremse smittespreiinga.

Vi har sett at verknaden av vaksinane blir lågare etter kvart som tida går. Derfor er vi i gang med å tilby «booster-dose» (dose tre) på alle over 45 år. Det er også funn som tyder på at tredje dose gir god omikronbeskytting.

Vi ser at det er mellom 200-300 hareidsdølingar som hoppa av vaksinetoget etter berre ei dose. Å berre ha tatt ein dose gir ikkje noko særleg vern.

 

Korleis vaksinerer vi på Hareid?

Vi har per no ein vaksinasjonsdag i veka.

Vi kjem til å utvide tilbodet over nyttår, men per no er det ledige vaksinetimar 20. desember, 5. januar og 12. januar.

Det er helsestasjonen som vaksinerer.

Alle over 12 år i Hareid kommune har fått tilbod om koronvaksine. Ta kontakt på telefon 468 34 785 om du tidlegare har takka nei til tilbod, men har ombestemt deg. Du kan også registrere deg på c19.no

Vi held no på med å gi tredjedosen til dei over 45 år. Her får alle innkalling på tekstmelding når deira tur kjem.

Per no er det Pfizer-vaksinen Hareid kommune nyttar.