Hareid kommune får ny vaksine-type

Neste veke får Hareid kommune 100 dosar av Astrazeneca-vaksinen. Den skal nyttast til helsepersonell.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Nataliya Vaitkevich  


Astrazeneca-vaksinen er den tredje vaksinen som er godkjent for bruk i Noreg. Det er den andre vaksinen som er tatt i bruk i Hareid kommune. Frå før av nyttar Hareid kommune Comirnaty-vaksinen. Den blir gitt til dei eldste og personar i risikogruppene.

På grunn av manglande dokumentasjon, blir ikkje eldre over 65 år råda til å ta vaksinen. Det betyr ikkje at vaksinen er farleg, men at vaksinen har blitt testa på for få i aldersgruppa over 65. Sidan helsepersonell står øvst på prioriteringslista for dei under 65 år, vil det i denne omgang vere dei som får tilbod om Astrazeneca-vaksinen.

President i Den norske legeforening, Marit Hermansen, seier følgande om vaksinen til NRK:

– Vi må forvente at FHI er opne og kjem med informasjon. Viss det er endringar i den kunnskapen vi no får, må vi endra på strategien. Men no må vi få vaksinert helsepersonell så fort som mogleg. Eg vil oppmoda helsepersonell og befolkninga til å seia «ja, takk» til vaksinane når dei får tilbydd ein godkjend vaksine.

Her kan du lese meir om Astrazeneca-vaksinen.

Vi vil halde fram med å vaksinere personar i risikogruppene med Corminaty-vaksinen.