Hareid kommune innfører jobbkarantene etter utanlandsreiser

Tilsette i Hareid kommune som har vore i utlandet må teste seg før dei kan kome på arbeid. Dette gjeld også i etterkant av reiser til sokalla «grøne» land.Klikk for stort bileteAlle tilsette i Hareid kommune som har vore utlandet dei siste ti dagane må ha minst éin negativ koronatest før dei kan kome på arbeid. Pexels/Martin Lopez  

Den siste tida har talet på dei som blir stadfesta smitta av koronavirus i Noreg auka etter å ha vore stabilt i lang tid. Mange av desse tilfella er knytt til reiser til utlandet – også grøne land.

For å sikre innbyggane våre – og særleg dei i risikogruppene – i tillegg til våre tilsette, innfører no Hareid kommune testkrav for alle tilsette som har vore i utlandet. Dette gjeld også tilsette som har reist i land som ikkje er omfatta av karantenekrav frå nasjonale mynde (grøne land).

Testkrav

Alle tilsette som har vore i utlandet i løpet av dei siste 10 dagane må derfor:

  • Teste seg for covid-19 smitte. Fram til negativt testresultat er klart, er vedkomande i karantene frå arbeidsplassen sin.
  • I tillegg må alle tilsette med arbeid på sjukeheim og omsorgsbustader (inkludert Hjellebakken) og heimesjukepleie teste seg på dag 3 etter første test dersom denne var negativ. Det vil seie at alle som jobbar ein av desse stadane, må ha to negative testar før dei kan kome på arbeid.
  • Ved jobbkarantene skal alternative løysingar/arbeidsoppgåver/heimekontor og liknande avtalast med leiar.

Det er kriseleiinga i kommunen som har fatta vedtaket.

Ein konsekvens av auka utanlandssmitte, gjer også at vi ber om at alle som har vore i utlandet ventar i 10 dagar før dei besøker sjukeheim og omsorgsbustader. Les meir om rutiner for besøk her. 

Vask og test!

Vi oppmodar alle innbyggarar, og særleg dei som har vore på reise, om å vere ekstra påpasselege med handvask og det å halde avstand til andre i tida som kjem.

Viss du har symptom – også milde – på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime. Alle med symptom bør teste seg for koronasmitte. Ta kontakt med lege for råd og avtale testing. Hareid kommune har god testkapasitet.

Hareid legesenter når du på telefon 70 30 70 70