Hareid kommune satsar på digital læring

Lærarane i grunnskulen har no fått god opplæring i korleis ein nyttar digitale verkty i undervisninga.

Klikk for stort bileteIda Ljønes Grimstad og Ingrid Fjørtoft er lærarar på Hareid skule. Dei er blant dei mange som no har fått opplæring i dei digitale verktya som elevane møter i undervisninga.. Lene Veiseth/Hareid kommune   

Skulane i Hareid kommune er inne i ei IKT satsing. Alle elevar har tilgjengeleg ein Ipad eller Chrombook som eit av fleire verkty i undervisninga. Læreplanverket definerer digitale ferdigheiter som ein av fem grunnleggande ferdigheiter. Dei grunnleggande ferdigheitene høyrer heime i alle fag.

For mange tilsette i skulen er dette noko nytt som krev ny kompetanse. Det er viktig at vi byggjer kompetanse i desse nye verktya saman, difor legg leiargruppa opp til mykje erfaringsutveksling og  opplæringssarbeid på eigen skule og på tvers av skular/trinn. 

For ei tid tilbake møttest lærarane på barneskulen til eit slikt nettverksmøte på Bigset skule. Nokre lærarar var på førehand utfordra til å vise fram korleis dei brukar ulike appar i undervisning, deretter var det lagt opp til arbeid med appar i samarbeid med dei andre på gruppa. 

Samarbeidslæring mellom lærarane i kommunen ser vi på som særs viktig for å byggje kollektiv kompetanse. Vi har så mykje å lære av kvarandre og saman utviklar vi oss. På bileta ser du nokre av lærarane som var på nettverksmøtet.

Også lærarane på ungdomsskulen har fått opplæring. Dei har hat besøk av Kreasjon AS som hadde opplæringsdagar på 8. trinn i god pedagogisk bruk av verktyet chromebook i undervisninga.