Hareid kommune tek i bruk ny norsk app på helsestasjonane

«Helseoversikt» er namnet på ein ny norsk og gratis app som er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste. No kan gravide og småbarnsforeldre få trygge svar samla på éin stad.Klikk for stort bilete Pexcel.com   

Klikk for stort bileteSlik ser appen Helseoversikt ut.   - Her vil ein finne helseråd frå dei riktige kjeldene, og nyttig verktøy gjennom heile svangerskapet og i småbarnsfasa. Helseoversikt er eit godt supplement til vår eigen Helsestasjonsportal, og har fordelen at den kan gi deg relevant og målretta informasjon ut i frå kvar du er i svangerskapet eller alder på barnet ditt. Ved å bruke Helseoversikt slepp du å bli utrygg ved å søke rundt på internett, seiar prosjektleiar for Sjustjerne-prosjektet, Inge Pettersen.

I appen vil ein også finne informasjon om tilbodet frå helsestasjonen i din kommune. I tillegg til norske helseråd frå riktige kjelder, inneheld den også mange nyttige verktøy som mellom anna oppgåver ein må huske å gjere, timeavtalar, rieteller, sparketeller og mange nyttige videokurs.

Appen er i stadig utvikling og det vil komme mange nye funksjonar som kan gje gravide og småbarnsforeldre ein tryggare og enklare kvardag. Helseoversikt takast i bruk som ein del av Sjustjerna-prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», der kommunane i Sjustjerna også vil bidra til vidareutvikling av appen gjennom tidleg testing av nye funksjonar og ein direkte dialog med Helseoversikt AS kring ønska funksjonar og innhald.
Last ned appen i dag ved søke «Helseoversikt» i AppStore eller Google Play.