Hareid mottak for einslege mindreårige treng klede, sko og syklar

Kan du bidra til at ungdomane får eit godt opphald i kommunen?

Herreklede som heng tett i tett på eit stativ. - Klikk for stort bilete Unsplash/Nick de Partee

Klede, sko og utstyr kan leverast i resepsjonen i C-brakka på mottaket i Isakdalen 127 alle dagar mellom kl. 14:30 og 16:30.

Dei som ynskjer å gjere andre avtalar (kveld/helg) kan ta kontakt med ansvarleg vakt på telefon 46 93 46 69

Vi erfarer at ungdomane som kjem til oss ikkje har ekstra klede utover det dei står og går i. Om du har ungdomsklede i god stand liggande, så vert både vi og dei glade om du kan avsjå

Les meir om Hareid mottak for einslege mindreårige asylsøkarar

  • ytterjakker (varme) til gutar 15-18 år, storleik S, M og L
  • fleecejakker
  • genserar til gutar, med eller utan hette, til gutar 15-18 år, storleik S, M og L
  • bukser (gjerne svarte eller mørke) i storleik S og M
  • treningsbukser
  • t-skjorter i storleik S og M
  • badeshorts til gutar, storleik S og M
  • vintersko, storleik 41 til 45
  • innejoggesko til bruk i hallen, storleik 41 til 45

Klede og sko må vere reine og i god stand.

Vi tek gjerne også imot syklar. Vi har no berre éin svært populær sykkel som alle deler på.