Held hekken mål før skulestart?

Inntrykket er at folk generelt er flinke til å halde vegetasjonen i hevd – og slik vert det skapt gode frisiktsoner! 
Det skader likevel ikkje å ta ein sjekk på hekkar, tre og buskar.

Bilete av hekksaks under klipping av hekk - Klikk for stort bileteEtter ei lita runde på Hareid i dag, kan vi rapportere om atskillige meter med velfrisert hekk. shutterstock.com   

Snart er det skulestart – og mange mjuke trafikantar skal ut på vegane!

Små born på skuleveg vert fort «gøymde» bak for høge og breie hekkar og buskar. Statens vegvesen og Hareid kommune oppmodar deg om å gje vegetasjon ein god klipp om den veks utover eigedomsgrensa.
Då kan alle gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din.

Visste du at hekkstuss kan vere lovpålagt?

Eig du eller disponerer du ein eigedom i Hareid med avkjørsel til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved avkøyringa og mot vegkryss.

Takk for at du tek ansvar og på den måten bidreg til å skape tryggleik i lokalmiljøa våre!

Små, greie huskereglar:

  • Buskar og hekkar skal ikkje vekse utover eigedomsgrensa.
  • I soner som krev fri sikt, skal vegetasjon ikkje vere høgare enn 50 centimeter – også ved snø
  • Fotgjengarar, syklistar og rullestolbrukarar må ikkje bli tvungne ut i vegbana på grunn av vegetasjon.
  • Hekkar, buskar og tre må ikkje skjule trafikkskilt eller vegnamnskilt.
  • Greiner frå tre må ikkje henge lågare enn 2,5 meter over bakken eller 4,7 meter over vegbanen.

Her kan du laste ned ein illustrert plakat med mål og rettleiingar.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholdet har blitt nedfelt i vegtrafikklova.