Helseplattformen: Éin innbyggar – éin journal

No skal kommunane på Søre Sunnmøre avgjere om dei vil vere med på den felles helseplattforma som skal gi deg som innbyggjar ein enklare kvardag når mange ulike journalsystem skal bli til eitt.

Helseplattformen - som er eit av Noregs største IT-prosjekt - vert no bygd for dei 720 000 innbyggarane i Midt-Noreg og dei 40 000 tilsette i det midtnorske helsevesenet. Helseplattformen skal innføre felles elektronisk pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Det betyr at helseopplysningane følgjer deg anten du er innom helsestasjonen, fastlegen, fysioterapeuten eller sjukehuset. For helsepersonell betyr det at helseopplysningane blir enklare å finne, og informasjonen vert lagt inn berre ein gong.

Mange ulike systemer i dag

Noreg har ei av verdas beste helsetenester, men tenestene er sett saman av ei rekke ulike system, og svært mange av dei snakkar ikkje saman. Fastlegane har fleire ulike system, kommunen har tre eller fire system og sjukehusa har enda fleire. Nokre av opplysningane i helsevesenet finn ein berre på papir. Helsepersonell brukar mykje tid på å leite etter opplysningar, og mange pasientar og pårørande opplever at dei må gjenta historia si gong på gong.

Sjå film om kva Helseplattformen vil bety for deg som innbyggjar:

Nasjonale mål settast ut i praksis i Midt-Noreg

Midt-Noreg blir den første regionen i landet som tek i bruk ein felles pasientjournal. Arbeidet er ein del av regjeringa sitt mål «Ein innbyggar – ein journal» der helsepersonell skal ha enkel og sikker tilgang til helseopplysningar, og der innbyggarane skal tilgang på enkle og sikre digitale tenester. Gjennom Helseplattformen vil innbyggarane i Midt-Noreg få tilgang til ein portal som opner for ein heilt ny dialog mellom helsevesenet og pasienten.

Portalen heiter HelsaMi.

Kven lagar løysinga?

Fagfolk frå alle delar av helsetenesta i Midt-Noreg er med på å bygge løysinga slik at den passar for helsevesenet vårt. Den grunnleggande løysinga kjem frå det amerikanske selskapet Epic. Gjennom fleire år arbeidar fagfolk innan helse og IT med å bygge, tilpasse og teste, og rundt desse igjen arbeider ei rekke andre fagfolk med å førebu sjukehusa og kommunane.

Når er Helseplattformen ferdig?

Etter planen skal Trondheim kommune og St. Olavs hospital ta i bruk løysinga våren 2022.

Alle 65 kommunane i regionen har teikna ein opsjonsavtale med Helseplattformen. Kommunestyra i den enkelte kommune avgjer om dei vil løyse ut opsjon og dermed innføre løysinga. Den endelege avgjerda tek den enkelte kommunen 13 månadar før Helseplattformen vert innført. Innan september i år har 28 kommunar handsama saka politisk, blant anna Kristiansund, Molde og Ålesund. Ytterlege 10 kommunar skal gjere det same innan nyttår. Dette inkludert kommunane på Søre Sunnmøre.

Dei første kommunane i Trøndelag som tek i bruk løysinga etter Trondheim, skal etter planen koplast på hausten 2022, medan dei første kommunane i Møre og Romsdal etter planen koplast på våren 2023. Kommunane her på Søre Sunnmøre har planlagt å kople seg på Helseplattformen våren 2024, men før det kan bli ein realitet skal det handsamast blant dei folkevalde.

I kommunane på Søre Sunnmøre skjer dette slik:

  • Volda: 30. september
  • Hareid: 21. oktober
  • Herøy: 21. oktober
  • Ulstein: 28. oktober
  • Ørsta: 4. november
  • Vanylven: 8. november.
  • Sande: I løpet av november. 

Innføring av Helseplattformen krev mykje arbeid og planlegging. Derfor ønskjer ein å starte med å rigge organiseringa av prosjektet så snart det er gjort politiske vedtak. Ein vil då gå i gang med forprosjektet i løpet av 2022.

Kva betyr dette for kvar og ein av oss?

Når Helseplattformen vert rulla ut, vil du som innbyggar kunne finne fram til dine eigne helseopplysingar i ein portal som kan nås på mobil, pc og nett. Du vil kunne delta meir aktivt i di eiga behandling og helse dersom du ønskjer det. Helseplattformen har som eit av mange mål å auke pasienttryggleiken ved at helsepersonell får betre oversikt og hjelp av systemet i behandlinga av pasientane.

Vil du vite meir? Gå inn på Helseplattformen si nettside her.