Her kan du førehandsrøyste i fylkestings og kommunevalet

Hareid kommune prøver ut to nye førehandsrøystelokale i kommunevalet.

Klikk for stort bilete

I år vil det vere mogleg å førehandsrøyste frå 12. august til 6. september. Som vanleg vil rådhuset vere ope for førehandsrøysting kvardagane (kl 09-15) i heile perioden.

I tillegg vil det vere ein dag med førehandsrøysting på Hadartun (28. august, kl 10-14). Det er lovpålagt å ha førehandsrøysting på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Nytt i år er to økter med førehandsrøysting på matbutikkane i kommunen. Alle tre blei spurde, men Bunnpris hadde ikkje plass. Dermed blir øktene slik: Coop Extra 26. august kl 16-20 og EuroSpar 27. august kl 16-20.

Den siste veka før valet vil personar som ikkje er i stand til å kome til vallokala få lov til å røyste heime. Ta kontakt med valstyret/valansvarleg innan 4. september om ein ønsker dette.

Ein kan også, viss ein ønsker, røyste i den sokalla tidlegrøysteperioden frå 1. juli-11.august. Ulempa med å stemme då er at røystesetlane ikkje nødvendigvis er klare. Dermed kan ein ikkje gi personstemmer eller slengarar. I tidlegrøysteperioden kan ein stemme på servicetorget på rådhuset mellom klokka 9-15 på kvardagar.

 NB: I førehandsrøysteperioden kan ein røyste i alle kommunar, sjølv om ein ikkje er innbyggar.