Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Hjelp oss å gjere skulevegane tryggare

Hjelp oss å gjere skulevegane tryggare

Vi vil ha din hjelp til å gjere det tryggare for born og unge å ferdast i Hareid-trafikken.

Send oss dine innspel til trafikktryggingsplan.

Hovudmålet med trafikktryggingsplanen er å gi alle born i kommunen ein trygg skuleveg. Kommunen ønskjer dessutan å legge til rette for fysisk fostring, rekreasjon og folkehelse ved trygg tilkomst til turområde, badestrand med meir.

For å få ein best mogleg plan, ønsker vi tilbakemeldingar frå so mange som mogleg. Vi ønsker derfor at du melder i frå om tiltak du meiner vil vere med på å nå måla i planen. Det kan vere

  • innspel til fartsgrensene
  • ønske om andre fartsreduserande tiltak som til dømes fartsdumpar
  • melding om område som treng parkeringsregulering/rettleiing
  • farleg skule- og barnehageveg
  • dårleg sikt for bilistar og andre trafikantar
  • manglande fortau

Ver so konkret som mogleg på kvar du meiner noko må gjerast. Ta gjerne bilete og legg ved kartskisse.

Ein heilskapleg plan for vegnettet og gangvegsystemet skal ligge til grunn for prioriteringar og utbygging. Trafikktryggingsplanen skal gjere greie for kommunen sin visjon og satsingsområde, samt definere konkrete og målbare delmål for å nå hovudmålet.

Trafikktryggingsplanen skal konkludere med ei prioriteringsliste med konkrete tiltak. Prioriteringslista skal samanfatte alle trafikktryggingstiltaka i kommunen, og vil kunne fungere som eit handlingsprogram for kommunen. Lista skal i tillegg til reint fysiske tiltak også innehalde haldningsskapande og organisatoriske tiltak. Opplistinga skal innehalde

Sjå her for fleire detaljar og framdriftsplan.

Frist for å sende inn merknadar eller innspel er 22. mai.

Du kan sende innspel på fleire måter:

E-post:

gfo@nordplan.no og kopi til postmottak@hareid.kommune.no

Brev:

Nordplan AS
Notenesgata 14
6002 Ålesund

Facebook:

[lenke til posten]