Høgtlesing og ordførarprat, laurdag 01.10. kl. 12.00

Velkomen til biblioteket - kva skal ordføraren lese om skal tru?

Bilete viser ei samling born som sit på golvet og ein vaksen person som sit i ein stol og les for dei. - Klikk for stort bilete Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Laurdag er det høgtlesing for borna i det fine folkebiblioteket på Hareid - og denne gongen er det sjølvaste ordførar Bernt Brandal som kjem og les.

Ordføraren vil vere igjen i biblioteket for ein prat om stort og smått, og tek gjerne imot innspel til korleis Hareid kommune kan bli ein endå betre plass å bu og leve.

Hjarteleg velkomen!