Hol i vegen – vi kjem snart!

Vi har fått mange meldingar om at vinter og ver har laga hol i vegane våre. Sidan asfaltverka har vore vinterstengt, har vi ikkje kunne starte reparasjon før no.

Klikk for stort bileteNo har vi fått asfaltert der det har vore grave rundt Helsehuset. Hareid kommune

No har vi endeleg fått tak i oljegrus og uteseksjonen er i gang med å fikse på hola på vegane våre.

Viss du om eit par veker ser at dei har oversett eit hol, kan du sende ein sms til teknisk vakt på 970 62 360.

PS: Dei som har brøyte/strø-roder har frist til 1. mai med å koste/samle opp grus frå vinteren.